Skal du ta i bruk dyrka eller dyrkbar jord til anna enn landbruk, eller gjera jorda ueigna til landbruksproduksjon på eit seinare tidspunkt, er dette omfatta av omdisponeringsføresegnene i jordlova. Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggjande ressurs for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Dersom eigaren av ein landbrukseigedom ønskjer å bruke dyrka jord til anna enn jordbruksproduksjon, må det derfor søkjast om løyve til dette.
Korleis søkje?
Meir informasjon om omdisponering av dyrka og dyrkbar jord og regelverk finst hos Landbruksdirektoratet.