Retningslinjer for tilskot til arbeid med kultur og folkehelse blei revidert og vedteken av Levekårsutvalet 3. februar 2021.
Søknadsskjema er digitale, og det er disse som skal brukast for å søkje tilskot. Vi gjer merksam på at det ikkje er mogleg å lagre undervegs, og at ein difor bør gjere klar all informasjon før ein starter utfyllinga.
Når skjema er sendt inn, er det mogleg å ta ei utskrift eller lagre opplysningene som ein pdf, men det er ikkje mogleg å endra opplysingane.
Generelle retningsliner
Tilskot til arbeid med kultur og folkehelse vert gitt til:
- Medlemsbaserte lag og organisasjonar
- Opne ungdomstiltak
- Privatpersonar
- Institusjonar
-som driv frivillig og/eller ikkje-kommersielt kulturarbeid for innbyggjarane i Kvinnherad.
Desse kan ikkje søkje om tilskot:
- Organisasjonar/institusjonar som primært tek seg av medlemmene sine yrkes- eller økonomiske interesser
- Organisasjonar som har til hovudoppgåve å samla inn pengar til tiltak utanfor kommunen
- Tiltak/arrangement som har til føremål å skaffa inntekter
- Aksjeselskap der aksjonærane har høve til å ta ut økonomisk utbytte
- Informasjons-, aksjons- og interesseorganisasjonar
- Politiske parti/organisasjonar
- Næringsaktørar som t.d. skjenkestader
Driftstilskot til husleige, baneleige og drift av eigne kulturhus og anlegg
Søkjarfrist 15.03
Det kan søkjast om tilskot til delvis dekking av utgifter til eigne eller leigde lokale, hus og anlegg for kulturell verksemd.
Kriterium for tilskot
Til drift av eigne lokale og anlegg vert det gitt delvis dekking av faste driftsutgifter som straum, forsikring, renovasjon, nettverk og løpande vedlikehald. Revisorgodkjent rekneskap skal følgja søknaden.
Tilskot til leige av hus/lokale og anlegg blir berre gitt til ordinær lagsverksemd for born og unge. Det vert ikkje gitt tilskot til leige i samband med inntektsgjevande arrangement. Kopi av spesifiserte bilag skal følgje søknaden.
Driftstilskot til frivillige organisasjonar som driv kulturarbeid for born og unge
Søkjarfrist 15.03
Det kan søkjast om tilskot til frivillige lag og organisasjonar som driv aktivt med kulturarbeid for born og unge og opne tiltak som gjev eit fast tilbod til ungdom frå 12-19 år.
Kriterium for tilskot
Laget må ha minst 6 aktive medlemmar under 19 år og fast aktivitetsplan gjennom året. Tilskot vert rekna ut etter tall på aktive medlemmar. For organisasjonar som driv opne ungdomstiltak utan medlemstal vert gjennomsnittlege besøkstal nytta for utrekning av tilskot.
Tilskot til festivalsatsing
Søkjarfrist 15.03
Kvinnherad kommune har ei særleg satsing på festivalar. Det vert lagt vekt på at tilskotet som Kommunen bidreg med skal vere føreseieleg for arrangør. I det ligg at arrangør kan vente å få årlege tilskot i omlag same storleiksorden.
Kvinnherad kommune nyttar følgjande definisjon på festivalar: «Ope kulturarrangement som består av fleire hendingar og aktivitetar som likevel står fram som heilskapleg. Arrangementet må gå føre seg samanhengande over meir enn 1 dag. Det skal trekke ei brei publikumsmasse. Festivalen må ha eit føremål og ein tematikk ein ønskjer å formidle, samt kunne vise til ei medvete halding til nyskaping. Publikumspotensialet må vere berekraftig i høve til festivalen sine utgifter og festivalen sin aktivitet må vere tilgjengelig for ein stor del av publikum (Ikkje ekskluderande i høve til form og innhald)».
Kriterium for tilskot
- Kvinnherad kommune stiller krav til arrangementa som er med i satsinga. Dei må ha:
- Regional/nasjonal profil
- Kvalitet i formidling i program/innhald i tilbodet til publikum i tilhøva for aktørar
- Realistiske planar
- God økonomistyring
- Profesjonell og open organisasjon
- Vise kompetanse og tiltak for kompetanseheving blant tillitsmenn/ansvarshavande
- Vise behov for stønad gjennom søknad, budsjett og program
Søknadar vert handsama i levekårsutvalet.
Tilskot til drift av kulturorganisasjonar
Søkjarfrist 15.03
Det kan søkjast om driftstilskot til institusjonar og organisasjonar som tek på seg viktige oppgåver innan kunst-, kultur, friluftslivs og idrettsfeltet med særleg verdi for Kvinnherad kommune.
Driftstilskotet er ikkje knytt opp mot særskilde tiltak eller prosjekt, men mot organisasjonen sitt føremål. Det vert lagt vekt på at tilskotet som kommunen bidreg med skal vere føreseieleg for organisasjonane som vert tildelt tilskot. I det ligg at arrangør kan vente å få årlege tilskot. Det vert oppmoda om at nye søkjarar tek kontakt med kulturkontoret og drøftar saka før søknad vert sendt.
Kriterium for tilskot
Private museum, kulturorganisasjonar, paraplyorganisasjonar og friluftslivsorganisasjonar med omfattande verksemd og/eller virke i heile kommunen vil verta prioriterte. Det skal også leggjast vekt på kontinuitet og føreseielegheit for organisasjonar, stiftingar o.l. som blir tilgodesett i denne ordninga.
Søknader vert handsama av Levekårsutvalet.
Tilskot til investeringar
Søkjarfrist 15.03
Det kan søkjast om tilskot til rehabilitering og etablering av private leikeplassar, friluftsliv-, idretts og kulturanlegg.
Kriterium for tilskot
Til prosjekt der det også vert søkt om spelemidlar kan det gis tilskot på 50% av utgifter knytt til prosjektet etter at forventa momsrefusjon og spelemidlar er trekte frå. Til prosjekt som ikkje kan søkje om spelemidlar kan det gis tilskot på 1/3 av utgiftene som er knytt til prosjektet. I handsaming av søknadar vil kriterium om at anlegget skal vere ope for alle, bruksfrekvens og føremål verta vektlagt.
Følgjande vedlegg må følgja søknaden for at den skal verta behandla:
• Utgreiing av arbeid som skal gjerast, behov og bruksområde
• Budsjett og finansieringsplan (for store prosjekt skal budsjett vera dokumentert med tilbod frå leverandør)
• Teikningar med situasjonsplan, for større nybygg ombyggingar skal planane vera godkjende av kommunen. Byggeplanar for godkjenning kan sendast inn heile året. Godkjende planar medfører ikkje automatisk rett til tilskot.
Søknadar vert handsama av Levekårsutvalet