Kvinnherad kommune har ulike nivå på omsorgsbustader. Bustadane er som regel knytt til ein av institusjonane våre.

  • Bufellesskap er omsorgsbustader som er tilrettelagt for personar med ulike problemstillingar. Kommunen har bufellesskap for eldre, personar med rusproblem, psykiske helseproblem og fysisk eller psykisk utviklingshemming

  • Omsorgsbustad med heildøgns tenester. Dette er tilrettelagd bustad for personar som treng eit heildøgnstilbod i eigen heim. Personalet er tilgjengeleg og kan tilkallast på kort varsel heile døgnet

  • Omsorgsbustad utan fast personale. Dette er bustader som er tilrettelagde for personar som treng det på bakgrunn av ulik problemstilling

Skilje mellom bustad og tenester

  • For bustaden vert det inngått leigeavtale
  • Vedtak om heimetenester vert på same måte i ein kommunal omsorgsbustad som til private bustader. Dette betyr at ein ikkje utan vidare får meir hjelp i en omsorgsbustad enn det ein kan få i egen bustad

Ved søknad om omsorgsbustad/bufellesskap vert det lagt vekt på søkjar sitt funksjonsnivå, noverande bustad og behov for tenester.

Søknadsskjema finn du her.

Kommunale bufellesskap/omsorgsbustader

Halsnøytunet

Husnestunet

Rosendalstunet

Ølve alderspensjonat

Varaldsøy aldersheim

Borjo

Utsikten

Herøysund

Kvadraten

Lien

Hagatunet