Som landbrukseigedom blir rekna eigedom med meir enn 35 dekar dyrka mark (fulldyrka og overflatedyrka jord) og/eller meir enn 100 dekar totalt areal. Areal som ligg i LNFR-område (landbruks-, natur- og friluftsformål) i kommuneplan eller som kan nyttast i landbruksnæring er òg i dei fleste tilfelle areal som er omfatta av jordlova og konsesjonslova.
Alle eigedomar som høyrer til same eigar i same kommune, høyrer til same landbrukseigedom, utan omsyn til om han omfattar fleire gards- og bruksnummer.