Helsevern i skular, barnehagar og godkjennspliktige verksemder

Alle skular og barnehagar skal ha helseverngodkjenning.

Det skal fyllast ut og søkast før det vert bygd, og dersom ein gjer endringar som til dømes ombygging, utbygging, utegrupper/friluftsgrupper. Søknaden bør sendast når planane er ganske klare, slik at miljøretta helsevern kan undersøka om prosjektet er i tråd med forskrift, samt avdekka eventuelle problem medan prosjektet framleis er på planstadiet.

Når bygget er klart skal miljøretta helsevern koma på tilsyn før det vert teke i bruk.

Søknadsskjema finn de her:
Barnehage
Skule
Dagmamma


Forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar

Godkjenning av, og tilsyn ved frisør- og hudpleiesalongar, samt tatoveringsverksemder og solstudio

Lokale som skal nyttast til tatovering eller holtaking/piercing skal godkjennast. Dette vert regulert gjennom forskrift.

Lokale som skal nyttast til frisør- og hudpleieverksemd, inkludert solarier, skal meldast til kommunen. 

 Melding skal sendast: 

- før lokala vert teke i bruk 

- ved eigarskifte 

- ved større endringar og utbyggingar 

Skjema finn de her:  

Meldeskjema - frisør. hudpleie, tatoverings- og holtakingsverksemd 

Meldeskjema - solarium 

Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet m.v. 

 

Solstudio skal i tillegg meldast inn til DSA, og ha eit internkontrollsystem. Det er 18. års aldersgrense for å ta solarium i Norge og solaria må ha alderskontroll. Soling i ung alder gjer auka risiko for hudkreft. Og solaria må ha eit system for alderskontroll. Soling i sol og solarium er kreftframkallande. 

Det er ein del krav knytt til solariedrift, meir om dette finn ein på DSA sine sider.

 

Helsevern i meldepliktige verksemder

Tilsyn ved bade- og symjeanlegg:  

Alle bassengbad, badeanlegg, boblebad og badstover tilgjengelege for ålmenta, skal meldast til kommunen ved oppstart eller vesentlege endringar. Meldinga skal innehalde ei vurdering av alle forhald som kan ha innverknad på helse, hygiene eller for brukarane ved drifta av badeanlegget.  

Meldeskjema - badeanlegg 

Lenkje til forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstove m.v. 

 

Tilsyn ved camingplassar, leirplassar, asylmottak m.m:

Campingplassar, hospits og asylmottak skal meldast til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar. For verksemder som krev tillating gjennom vedtak etter plan- og bygningslova, forureiningslova eller anna lovverk som krev vurdering av helsekonsekvensar, vil det ikkje vere nødvendig med eiga melding. 

Skjema for helsegodkjenning: 

Campingplass 
 

Forsamlingslokale og lokale for undervisning: 

Lokale for undervisning og andre forsamlingslokale kor allmennheita har tilgang, eller som vert nytta av mange menneske, skal meldast til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar og endringar. Dette vert regulert i forskrift av §14 om miljøretta helsevern. §10 i forskrifta stiller krav til helsemessige forhald i slike lokale, bl.a. om inneklima, reinhald, sanitære anlegg, psykososialt miljø og førebygging av ulykker, skader og smittsame sjukdommar.   

Meldeskjema - undervisnings- og forsamlingslokale 

Radon

Radon er ein gass som kan finnast i grunnen. Den er kreftframkallande, og ein bør måla om ein har det i huset. 

Det er ei relativ enkel måling som ein bør gjennomføra i tidsrommet mellom 15. okt. og 15. april i minst 60 dagar samanhengande.  

Dersom det viser seg at nivået av radongass er for høgt er det mogleg å gjere ein del relativt enkle tiltak for å redusere nivået.  

Her kan du lesa om radon på Direktoratet for atomsikkerhet og strålevern.

 

Helsevern i miljøet

Støy 

Støy er definert som uønska lyd. Kva som er uønska lyd vil variere frå person til person, og frå situasjon til situasjon. 

Støy og helse: 

Moderat og kraftig støy særleg om den kjem uventa, vil kunne gje akutte fysiologiske reaksjonar i kroppen. Støy har og direkte og indirekte sosiale konsekvensar. Mangel på gode miljøforhald på gunn av støy kan ha vesentlege verknader på trivsel, velvære og helse. 

Dersom du skal klage på støy må du først ta kontakt med den som er opphav til støyen for å forsøke å løyse problemet. Dersom dette ikkje fører fram kan du ta kontakt med miljøretta helsevern. 

Ein klage skal sendast skriftleg, og må innehalde ei beskriving av: 

-Støykjelde (kva/kven valdar støyen? Kvar er støykjeldene plassert?) 
-Tidspunkt for støyen og varigheit 
-Korleis vert klagaren plaga 

Ved vurdering om ein skal krevje ei retting må den helsemessige gevinsten av ei eventuell retting vurderast opp mot andre konsekvensar eit slikt krav vil medføre. 

 

Tilsyn og klagehandsaming i høve til røykelova 

Lov mot tobakksskadar vart vedtatt i 1973 og tredde i kraft i 1975. Lova vart sist endra i juli 2004. Det var då inn ført røykeforbod på serveringsstader. Hovudmålet med endringa var å skjerme tilsette mot passiv røyking. I forarbeidet til lovene er to andre grupper nemnt som ein ynskjer å verne: gjestene og ungdom.  

Tobakksbruk er forbodet i skular og barnehagar. 

Forskrift om miljøretta helsevern