Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Barne og ungdomsteam i Ergo- og fysioterapitenesta

Barneteamet i Ergo- og fysioterapitenesta ynskjer å bidra til at alle barn opplever bevegelsesglede, trivsel og meistring i kvardagen. Kommunen har fysio- og ergoterapeutar med spesialkompetanse på barn. Terapeutane samarbeider med helsestasjon, skule og barnehage. Når det er hensiktsmessig kan barnet motta tenesta i heimen, barnehagen eller på skulen. 

Tenesta omfattar 

  • Undersøking, vurdering og behandling av barn med avvikande eller sein motorisk utvikling 
  • Undersøking, vurdering og behandling av barn grunna skade, sjukdom eller nedsett funksjonsevne. 
  • Rettleiing og råd til foreldre, barnehagar og skular med tanke på å ivareta og stimulere barnet si motoriske utvikling 
  • Bistand i samband med å prøve ut, søkja om og tilpasse hjelpemiddel 

Tilvising / kontakt 

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få behandling hos fysioterapeut eller ergoterapeut. Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan ta direkte kontakt med ergo- og fysioterapitenesta enten pr. telefon, ved å henvende deg direkte på besøksstad  

Pris for tenesta 

Born under 16 år har rett til gratis fysioterapitenester. Etter 16 år gjeld takstar for fysioterapibehandling. Kommunale ergoterapitenester er gratis. 

Publisert