Er du eigar av ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgja for at jorda blir driven. Driveplikta kan oppfyllast ved at du sjølv driv arealet eller leiger bort arealet som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum 10 år om gongen. 

Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta, må du senda søknad til kommunen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid eller varig. Det kan også stillast vilkår for fritaket.

Regelverk
Sjå Jordlova § 8 om driveplikta og fritak frå driveplikt § 8a

Du kan også lese meir på Landbruksdirektoratet si heimeside og i rundskriv.