Kvinnherad har lange tradisjonar for båtbyggjing. Mange kjende skuter vart bygde her, mellom anna Roald Amundsen si "Gjøa". Skaalurensamlinga er eit museum som syner den verksemda som Skaaluren Skipsbyggeri dreiv i perioden 1855 - 1955. Gjennom fire generasjonar bygde dei trefarty av alle slag; skøyter, jakter, galeasar, skonnertar, sluppar og kutterar. Samlinga inneheld teikneutstyr, tømmermannsreiskap, smedutstyr og anna som høyrde til på verftet.

Opningstider i 2022

18. juni - 14. august:      Dagleg 10.00-18.00


Elles ope etter avtale.

Ta kontakt med Kvinnherad kommune på tlf: 53 48 31 00

ButikkenIMG_1627.JPGGjøa-modell