Behovsprøvd feiing og tilsyn

Feiaren/brannførebyggjaren sitt lovpålagte arbeid er i alle norske kommunar såkalla behovsprøvd. Behovsprøvd feiing betyr at brannførebyggjaren undersøker sotmengde, fyringsmønster og liknande i bustaden. Ut frå dette gjer feiaren ei fagleg vurdering om kor ofte det bør feiast heime hos deg. Gjennomføring av tilsyn eg òg behovsprøvd og basert på risiko. Byggverk, omgjevnadar, kvaliteten på fyringsanlegget og korleis du fyrer er døme på kva vi ser etter.

Behovsprøvd feiing og tilsyn betyr at nokre bustadar vil få årleg besøk av brannførebyggjaren, medan andre nyttar peisen eller omnen på ein måte som gjer at dei sjeldan treng besøk. Etter besøket får du beskjed om når neste feiing/tilsyn vil bli utført.

Fritidsbustadar skal òg feiast og ha tilsyn, men der kan hyppigheita vera annleis.

Gebyr for feiing og tilsyn

Det er kommunestyret som fastset det endelege beløpet du betalar for feiing og tilsyn, og det er kommunen som krev inn gebyret.

Gebyret går til å oppretthalda tilbodet om feiing og tilsyn, og heng ikkje saman med kor ofte ein bustad får utført tenesta. Gebyret vert knytt til tilgjengelege pipeløp per bueining. 

Om du ikkje nyttar fyringsanlegget (peis, omn, pipe) ditt, kan du søkja om fritak for gebyret. Dette kan til dømes vera ved dødsbu, omnar som er fjerna og plombert og liknande.

Slik får du beskjed om at brannførebyggjaren/feiaren kjem

Huseigar mottek ein sms om at brannførebyggjaren kjem på feiing eller bustadtilsyn. 

Sms’en er gratis for mottakaren. Me ønskjer at du svarar sms’en med «JA» eller «NEI» om timen passar eller ikkje. Dersom timen ikkje passar set me pris på å få svar så tidleg som mogleg, slik at brannførebyggjarane kan setja opp timar hjå andre.

Me nyttar fagsystemet Cubit i arbeidet vårt med feiing og tilsyn.

 

Slik forbereder du deg til besøk av brannførebyggjaren/feiaren

Ved melding om feiing:

  • Sei ifrå til alle i bustaden om at det vil bli feia
  • Det må ikkje fyrast i eldstadane (omn og peis) under feiinga
  • Alle omnsdører, luker og spjeld må vera lukka for å unngå sotskade
  • Sørg for at feie-/sotluker er tilgjengelege
  • Legg fram stige. Då ser vi at varselet om besøket vårt er motteke
  • Sørg for at taksikingsutstyr er i forskriftsmessig stand (ved feiing frå tak)

Ved melding om bustadtilsyn:

I tillegg til å feia, besøker òg brannførebyggjaren/feiaren alle hus med piper og eldstadar (peis og omn) for å sjekka at desse er i orden. Då vil ein få informasjon om brannsikkerheit, i tillegg til råd og tips om fyring.

Tilsynet vil omfatta:

  • Kontroll av fyringsanlegg, til dømes peis, omn, pipe
  • Ei fagleg vurdering om kor ofte det skal feiast
  • Sjekka tilgjengelegheita til pipe og sotluke
  • Gje informasjon om rømmingsvegar, sløkkjeutstyr og røykvarslarar
  • Gje god informasjon om generell brannsikkerheit i heimen
  • Avtala tidspunkt for feiing om det viser seg å vera naudsynt

Etter tilsynet vil du få tilsendt ein rapport. Denne oppsummerer besøket. Ved eventuelle avvik får ein som regel 60 dagar til å koma med skriftleg tilbakemelding. Me ønskjer då ei tilbakemelding på korleis avvika er retta, eller ein framdriftsplan for retting. Brannførebyggjaren/feiaren som besøkte deg vil vera sakshandsamaren din.

Eigar sitt ansvar

Feiing

Etter at du har motteke varsel om feiing, må du sørga for at heile fyringsanlegget (peis, eldstad, o.l.) er tilgjengeleg for feiing, samt utstyrt og innretta slik at det kan feiast på tilfredsstillande måte. Dette inneber at du skal leggja fram godkjent stige og lukka igjen luker, spjeld og trekkventilar. Du må sørga for at eldstadar er forsvarleg lukka.

Taksikring

Taksikringsutstyr skal vera typegodkjent og ha monteringsvegleiing på norsk. Utstyret skal monterast som monteringsvegleiinga skildrar. 

  • Trinn/takstige skal vera festa til berekonstruksjon
  • Trinna skal verta skrudd saman til ein samanhengande stige
  • Trinna/takstige skal vera på sida av pipa, heilt ned til takrenna
  • Ved sidevegs forflytting på tak skal det som hovudregel nyttast takbru. Inntil tre trinn plassert sidevegs er tillate. 

Sklisikring eller stigesikring skal som regel monterast på eller ved takrenna. Den hindrar stigen i å skli når laus stige vert nytta som tilkomst til taket. På bygning der gesimshøgda er meir enn 5,0 m, skal det vera montert stigefeste for at laus stige skal kunna nyttast som tilkomst. Det vil òg vera behov for stigesikring dersom stigen må plasserast i ulendt terreng.

Plattform

På skorsteinar som er høgare enn 1,2 m over taket, må det vera plattform eller feieluke.

Gangbru

Mellom to skorsteinar skal tilkomst skje via takbru. Eventuelt kan det monterast eigen takstige til kvar skorstein. 

Krav til eigar/krav om taksikring

Du finn informasjon om krava til taksikring her:

Fyr riktig

Det er tryggast, billegast og varmast med korrekt fyring.

Bygg bålet riktig:

  • Bruk tørr vedkubbar nedst, ei blanding av opptenningsved over vedkubbane og 2-3 opptenningsbrikettar øvst. Veden skal ligga vassrett og leggast oppå kvarandre.

Tenn frå toppen:

  • Opptenning frå toppen gir raskare oppvarming av brennkammeret, som gjer at ein raskt får god trekk i omnsrøyr og pipe, meir oksygen til flammane og høgare temperatur. Flammane på toppen sikrar å varma opp kubbane under slik at desse gjer frå seg dei gassane som gjer at bålet brenn og vert haldt ved like. Bruk opptenningsbrikettar for å sikra rask nok tenning av opptenningsveden på toppen, så unngår du unødvendig røyk i opptenningsfasen.
  • Langsam opptenning og låg temperatur fører til at svevestøvet vert mangedobla.

Sørg for nok luft:

  • Pass på at det kjem nok luft inn i huset, slik at omnen får nok luft til forbrenninga.
  • Kjøkenvifte og ventilasjonsanlegg som dreg luft ut av huset reduserer trekken i pipa. Opne alle ventilar i omnen. Sett gjerne døra på gløtt i opptil 5 minutt til det brenn godt.
  • Først når eldstaden (peis, omn, m.m.) er varmt etter om lag 15 minuttar, regulerast ventilane ned. Det er viktig å ikkje stenga ventilane så mykje at flammane døyr ut. Veden skal alltid brenna med synlege flammar. Bål utan flamme doblar utsleppa for kolos og partiklar. 
  • Tørr ved veg lite og har djupe sprekker. Slår du to kubbar mot kvarande, skal det låta som når eit balltre treff ein ball.
  • Brukar du fuktig ved (med meir enn 20 prosent fuktigheit), vert sot- og partikkelutsleppa 10 til 30 gonger så store.

Ny omn?

Nye reintbrennande omnar gjev 30-50 prosent meir varme enn gamle omnar, og dei forureinar mykje mindre. Nye omnar sparar dermed både lommeboka og miljøet. 

Før du kjøper ny omn, tenk gjennom kva oppvarmingsbehov du har. Dei fleste klarar seg med omnar som gjev 2-6 kWh. Jo mindre eldstaden er, jo lettare er det å fyra riktig. Vi oppmodar om toppmontering av røykrøyr for tryggare og meir økonomisk fyring. 

Skorsteinar, piper, eldstadar og vedomnar 

Gamle eller feilmonterte skorsteinar (piper) kan ha redusert sikkerheit. Skorsteinar er ikkje evigvarande, og vert svekka over tid. 

Eldstaden (peisen eller vedomnen) si overflate må ikkje bli så varm at den set fyr på bygningsdelar og anna brennbart materiale i nærleiken. Dersom treverk nær eldstaden er misfarga, er det eit teikn på at temperaturen er for høg, eller at avstandskrav til brennbart material ikkje er i samsvar med monteringstilvisinga.

Unngå pipebrann

Mange av pipebrannane som brannvesenet i Noreg rykkar ut til kvart år kunne ha vore unngått ved å fyra riktig. Riktig fyring er ikkje noko hokuspokus: bruk tørr ved, mindre vedkubbar og riktig trekk.

Kan bli bustadbrann

I verste fall betyr ein pipebrann spreiing til resten av bustaden med dei konsekvensar det medfører. I beste fall får bustadeigar fyringsforbod til skaden er retta opp.

Slik fyrer du riktig

Pipebrann oppstår når tjæresot, også kalla beksot, tek fyr og byrjar å brenna. Beksot tekk lett fyr. Slik unngår du å få beksot i skorsteinen:

  • Ikkje fyr med fuktig ved
  • Ikkje bruk for mykje eller for lite trekk
  • Ikkje bruk for store vedkubbar
  • Ikkje legg inn for mykje ved om gongen
  • Bruk tennbrikettar til opptenning, ikkje papir eller aviser
  • Aldri bruk brennbare vesker!

Dette er riktig trekk

Det kan vera litt ulik måte å fyra på i kvar enkelt omn. Les difor fyringsinstruks frå produsenten. Det er likevel viktig å ikkje stenga trekkventil(ane) så mykje at flammane døyr ut. Veden skal alltid brenna med synleg flamme. Bål utan flamme doblar utsleppa av kolos og partiklar.

For mykje trekk i ein eldstad vil gjera at forbrenninga ikkje vert optimal – særleg då i reintbrennande eldstad. Det som kjenneteiknar riktig trekk er å regulera trekken slik at det brenn med rolege flammar. 

Feiing av pipe er ingen garanti

Beksot vert danna av ufullstendig forbrenning, og kan oppstå på kort tid. Difor er ikkje hyppig feiing av pipeløpet ein garanti for å unngå beksot og pipebrann. Beksoten vert heller ikkje fjerna ved ordinær feiing, då den sit som eit hardt belegg i skorsteinen. 

Fresing av skorstein

For å fjerna beksot må fyringsmønsteret endrast, eller så må beksoten verta fjerna mekanisk ved at skorsteinen/pipa fresast. Dette vert gjort ved bruk av drill som festast til nylonstrengar med kjetting, wire eller plastfibre i enden. Under fresing vil det oppstå noko meir trykk i skorsteinen enn ved ordinær feiing. Stenging av spjeld og luker er viktig under fresinga.

Ver miljøbevisst og økonomisk!

Ufullstendig forbrenning skadar miljøet ved at det vert slept ut meir partiklar i lufta. Dersom du har ein eldstad som ikkje er reintbrennande, kan utskifting til reintbrennande eldstad ikkje berre bidra til mindre utslepp av partiklar til luft, men òg til mindre forbruk av ved. Med ein reintbrennande eldstad får ein òg ein verknadsgrad på mellom 75 - 80 prosent mot om lag 40 prosent på ein ikkje reintbrennande eldstad.

Dette gjer du ved pipebrann:

  • Steng alle omnsventilar og luker som fører til skorsteinen snarast. Unntaket er opne peisar, her skal ikkje spjeldet stengast dersom det er fyr i peisen.
  • Ring brannvesenet på 110
  • Hald eit auge med loft og kjellar. Ver merksam på eventuell røykutvikling ved etasjeskiljarane og andre stader der treverk og anna brennbart materiale kjem inntil skorsteinen.
  • Hugs at du ikkje må setja deg sjølv eller andre i fare. Du må koma deg ut dersom det oppstår situasjonar som gjer at det vert farleg å opphalda seg inne.

Rehabilitering av skorsteinar

Det er mange grunnar til at ein huseigar må rehabilitera skorsteinen.

Årsak til rehabilitering av skorstein kan vera:

  • Fugene i skorsteinar blir dårlegare over tid, spesielt der det er, eller har vore nytta parafin eller fyringsolje. Røykgassen frå parafin og fyringsolje inneheld så mykje fuktigheit og syrer slik at fugene smuldrar bort.
  • Skorsteinen er sprekt etter kraftig varmepåverknad etter sotbrann
  • Det er mangelfull/dårleg tetting av hol etter tidlegare eldstadar eller liknande.
  • Brennbar vegg er ført inntil teglskorsteinen og avstanden vert for kort - alle fire sider skal i prinsippet vera fri for inspeksjon og ha ein avstand til brennbart på minimum 10 cm.

Hugs å søkja!

Rehabilitering av skorsteinar må verta utført av ein kvalifisert person, og er altså ikkje noko huseigar kan gjera sjølv. Arbeidet er søknadspliktig, og firmaet som får oppdraget må søkja kommunen etter Plan- og bygningslova § 20-1 bokstav f. Hugs også at alle produkt som skal nyttast til rehabilitering skal godkjennast etter felles europeisk standard som EN-Europeisk standard og NS - Norsk standard (NS-EN 1443). Dei skal òg vera CE-merka og har monteringstilvising. 

Fleire val

Når du skal rehabilitera ein skorstein, finns det ulike produkt og metodar, blant anna:

  • Stålrøyr med lufting rundt, som ein set rett inn i eksisterande skorstein
  • Keramiske røyr med lufting rundt – eller lause lecakuler rundt røyret. Røyra vert montert rett inn i eksisterande skorstein. Denne løysinga kan kun veljast med keramiske røyr.
  • Glidestøyp der ein støyper nye fuger innanfrå teglskorsteinen med bruk av eit stort lodd som vert drege opp samstundes som det vert fylt med støyp.

Teglskorsteinens øvre del, der røykgassen vert kjølt ned og kondenserar, er mest utsett for slitasje. Difor vil det ofte vera behov for å byta ut berre den øvste delen. Ei løysing er å riva heile skorsteinen og byggja denne opp att i same materiale som den opphavlege. Men du kan òg velja å berre riva ned det som er dårleg, og skøyta på med ein elementskorstein med same innvendig tverrsnitt som teglskorsteinen. Ved bruk av denne metoden skal skøyten ikkje vera i etasjeskiljet.

Gamal eller ny eldstad?

Eldstadar som allereie er installert på skorsteinen kan monterast tilbake når skorsteinen er rehabilitert. Eldre eldstadar kan ha høgare røykgasstemperatur enn moderne eldstadar. Difor er det viktig at du gjer tiltak for å sikra at den nye røykkanalen toler fyringa. Det kan du gjera ved å toppmontera røykrøyret, eller at du nyttar spjeld. Uansett så er det viktig at du vurderer ein reintbrennande eldstad. Det gjev meir energi til bustaden under fyring, og ikkje minst så sparar det miljøet for unødige utslepp.