Eksamen

Eksamensdatoar på grunnskulen sitt område sommar 2024:

Engelsk: tysdag 14. mai
Norsk hovudmål: onsdag 15. mai
Norsk sidemål: ikkje aktuelt for våre elevar
Matematikk: tysdag 21. mai

 

Kva er grunnskuleopplæring for vaksne?

Retten til grunnskuleopplæring er lovfesta i opplæringslova § 4A-1.

Grunnskule for vaksne er opplæring i dei faga du treng for å få vitnemål for vaksne:

  • Norsk
  • Engelsk
  • Matematikk
  • Samfunnsfag
  • Naturfag

Du kan få opplæring i fem fag, i enkeltfag eller delar av fag og i grunnleggjande ferdigheiter (lesing, skriving, rekning, digital kompetanse og munnleg kommunikasjon).

Undervisninga går føre seg til vanleg mellom kl 08.45 – 14.15 måndag – fredag, men kan tilpassast den einskilde sine behov og livssituasjon. Du kan få meir informasjon om organiseringa av tilbodet ved å venda deg til Vaksenopplæringa

Du kan lese meir på Udir sine sider.

Kven har rett til grunnskule for vaksne?

For å sikra at vaksne med rett til grunnskuleopplæring får eit tilbod i tråd med opplæringslova kan søkjar ta kontakt med vaksenopplæringa i kommunen.

Vilkår for rett til grunnskuleopplæring dersom du er over 16 år, har lovleg opphald i landet, ikkje har rett til vidaregåande opplæring og har eit behov for opplæring.

Dei tre første vilkåra er absolutte. Det siste vilkåret er basert på skjønn og er lista opp under her (jf. rundskriv Udir 3-2012)

Behovet for opplæring kan kome av:

  • ønskje om utdanning
  • ønskje om å behalde jobb eller få jobb
  • ønskje om å meistre kvardagen
  • at du kjem frå eit anna land og ikkje har grunnskuleopplæring som tilsvarar den norske
  • at du har hatt ei mangelfull grunnskuleopplæring

Det første møtet med vaksenopplæringa – fyrstegangssamtale – vil i hovudsak handla om å gå igjennom søknaden og å avklara om søkjar har rett til opplæring på grunnskulen sitt område.  På dette møtet vert det også vurdert om søkjar skal realkompetansevurderast.

Tenkjer du at dette er aktuelt for deg er du velkommen til å ta kontakt for ein fyrstegangssamtale med rådgjevar/rektor ved vaksenopplæringa. 

Slik søkjer du

Her kan du søkja om opptak på grunnskulen: Søknadskjema.

Søknaden kan sendast til:
Vaksenopplæringa v/rektor
Postboks 268
5480 Husnes

Eller leverast til:
Vaksenopplæringa v/rektor
Sentrumsvegen 27/28
5460 Husnes


Etter at vi har motteke søknaden, blir du innkalla til ein samtale der du må ta med ID, dokumentasjon på lovleg opphald i Noreg, CV og kopi av vitnemål og attestar.

Før inntak til grunnskule, vil du bli kalla inn til samtale og kartlegging, slik at vi saman med deg kan finne ut kva som er dine rettar og behov. Dette vil danne grunnlaget for kva tilbod om opplæring som vil passe best for deg.

Søknadsfrist

Det er ikkje nokon søknadsfrist, du kan søkja gjennom heile året. Kommunen handsamar søknaden så raskt som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysingar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Sjølv om det finst ein individuell rett til opplæring, må kommunen få rimeleg tid til å planleggja tilbodet. Dette inneber at du må akseptera at det kan ta ei viss tid før opplæringstilbodet vert etablert.

Kva kostar det?

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Vurdering av realkompetanse

Vaksne skal få tilbod om realkompetansevurdering før inntak til grunnskule slik at opplæringa kan tilpassast den einskilde sitt behov. 

Den som har rett til grunnskuleopplæring for vaksne, har også rett til å bli realkompetansevurdert. Realkompetanse er kunnskapar og ferdigheiter ein person har skaffa seg gjennom arbeid, utdanning, organisasjonsarbeid mm.  

Realkompetansevurderinga blir gjort i dei fem faga som er kravd for å få vitnemål frå grunnskole for vaksne. Les meir på Udanningsdirektoratet.no.

Kompetansen i faget må tilsvara minimum karakteren 2 etter læreplanen i Kunnskapsløftet.

Personar som oppnår godkjent realkompetanse vil få kompetansebevis / vitnemål frå grunnskoleopplæring og rett til vidaregåande opplæring.

Personar som søker om realkompetansevurdering må delta i:

  • Kartlegging gjennom samtale og skriftlige oppgåver
  • Eigenvurdering i faga

 

Spesialundervisning for vaksne

Vaksne som har rett til grunnskuleopplæring, kan også ha rett til å få spesialundervisning. Det er to forskjellige former for spesialundervisning for vaksne i grunnskuleopplæringa.

Den eine typen spesialundervisning kan vaksne få dersom dei ikkje har tilstrekkeleg utbytte av opplæringa, og vaksenopplæringa ikkje kan tilpasse opplæringa godt nok for dei.
 

Den andre typen spesialundervisning kan vaksne få dersom dei treng å utvikla eller vedlikehalda grunnleggjande ferdigheiter. Det kan være aktuelt dersom den vaksne etter å ha fullført vidaregåande opplæring fortsatt treng opplæring, eller har fått ein skade eller ein sjukdom og treng hjelp for å fungera i det daglege.

For begge typane av spesialundervising må kommunen og PP-tenesta vurdera og gi råd om kva den vaksne treng, og kommunen må fatta eit enkeltvedtak.

Ta gjerne kontakt med vaksenopplæringa for meir informasjon.

På utdanningsdirektoratet sine sider kan du lesa meir om spesialundervising for vaksne

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klaga til Vaksenopplæringa som fatta vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast.

Treng du rettleiing, kan du venda deg til kommunen ved rådgjevar/rektor ved vaksenopplæringa. Dersom klagen verken heilt eller delvis vert teken til følgje, vil klagen med alle saksvedlegg bli sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland. Vert klagen teken delvis til følgje, vil eit nytt vedtak med ny frist for klage bli sendt til dykk frå kommunen. Statsforvaltaren si avgjerd er endeleg og kan ikkje klagast på. 

Klagen kan du senda digitalt (skjema kjem).

Du kan alternativt senda søknaden til:
Vaksenopplæringa v/rektor
Postboks 268
5480 Husnes

 

Meir informasjon?

Ta gjerne kontakt med skulen dersom du treng meir informasjon om opplæringa.