Som fylgje av aukande mengd kablar og røyr i bakken, har talet på uhell i samband med anleggsarbeid stige dei siste åra. Leidningspåvising er pålagt for å mest mogleg unngå slike uhell og skadar.

Ta kontakt med VA for å førebyggja skadar!

Pålegg om leidningspåvising gjeld også dersom du skal grava på eigen grunn. Det er den som skal grava som har ansvaret.  

Gå inn på skjema for gravemelding her for å melda inn planlagt graveaktivitet. Skriv inn kva som er planlagt eller kva ein ynskjer tilbakemelding på og legg ved kartutsnitt der aktuelt område er skravert. Det vil då verta returnert digital (Altinn, DigiPost, eBoks etc) tilbakemelding med kartutsnitt med leidningsnett for det aktuelle området, og eventuelle kommentarar eller krav om påvising. Tenesta er ikkje gebyrbelagt.

Skulle det være akutte grunnar til graveaktiviteten, må ein ta kontakt med vårt vaktnummer som er bemanna heile døgeret.