Jordmortenesta er del av helsestasjonstenesta i kommunen. Me har tilbod for gravide, barselkvinner/par og nyfødde spedborn. Den gravide står fritt til å velje oppfølging hjå jordmor eller fastlege. Me tilrår å koma til ein rettleiingssamtale med jordmor tidleg, og deretter følgja svangerskapsprogram.
Me tilpassar oppfølging etter risikovurdering og individuelle behov. Målet er å styrkja det som bidreg til god helse, meistring og normal utvikling i svangerskapet, og å avdekka risiko slik at tiltak vert sett inn i rett tid.
Gjennom helsekontroll, helsesamtale, råd og vegleiing vil me gje støtte i svangerskap, fødsel og tida med det nyfødde barnet. Dette er ei viktig tid i livet der glede og forventning er stor. Me vil gjerne bidra med kunnskap, og møta den gravide på dei tankane ho har i situasjonen. Vår erfaring er at dette er ei tid der ein kan ha behov for nokon å snakke med, særleg dersom livssituasjonen er krevjande og bekymring og uro forstyrrar.
Jordmortenesta har følgjeteneste knytt til fødsel, og kontinuerleg vaktordning. Informasjon om kven som har jordmorvakt, får ein ved å ringe til legevaktsentralen.
Nye gravide som ynskjer oppfølging hos jordmor, kan ta kontakt med Irene Haavik eller Hildegunn Aarthun. Måndag eller torsdag er jordmor tilgjengelig for timebestilling. Ein kan òg ta kontakt med helsestasjonen alle virkedagar for timebestilling, avbestilling eller ombestilling.