Når du av ulike grunnar har behov for tenester frå kommunen kan du søkje om desse.

Vi ynskjer at du fyller ut ein skriftleg søknad og sender til kommunen. Du vil få ein sakshandsamar, som vil ta kontakt med deg, for å sikra at saka vert tilstrekkeleg belyst før ein fattar vedtak. Det kan vere aktuelt med andre tenester enn det du har søkt om, dersom det vert sett som hensiktsmessig. Dette vil bli drøfta med deg før vedtak. Du har rett på svar på søknaden din innan 4 veker. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan fristen skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal og få opplyst kva tid ein reknar med at vedtak vert fatta.

Kven kan søkje
I utgangspunktet er det søkjar sjølv som fyller ut søknad og skriv under denne. Dersom søkjar ikkje er i stand til dette, kan andre gjera det på søkjar sine vegne. Dersom andre tar kontakt med kommunen, eller søkjer på dine vegne, må du ha gitt fullmakt til det. Fullmakta skal vera skriftleg.

Kva opplysningar treng vi
Søknaden skal innehalde personopplysningar og beskriva kva du treng bistand til og kvifor. For enkelte tenester vil vi trenge opplysningar om helsa di, til dømes frå fastlegen din. For andre treng vi informasjon om inntekt. Du vil i dei høva få informasjon om kva som skal følje med søknaden og bli bedt om å skaffa nødvendig dokumentasjon. Dersom det er vanskeleg for deg å ordne dette, kan du gje saksbehandlaren samtykke til å innhenta informasjon.

Kva vert registrert om deg
IPLOS
Nokre av opplysningane du gjev i søknaden, vil bli registrert etter ein eigen standard og sendt anonymt til eit sentralt register kalla IPLOS. Her blir opplysningar om søkjarar og mottakarar av pleie- og omsorgstenester oppbevart. Registeret skal brukast til statistikk og forsking. Opplysningane skal følgje din journal, og berre dei som treng det i sitt arbeid skal ha tilgang til opplysningane. Innhentinga av opplysningane til IPLOS- registreringa er godkjend av Datatilsynet.

Ved å skriva under på søknadsskjemaet godkjenner du at opplysningane vert registerte i IPLOS-registeret. Viss du ikkje vil at din/dine diagnosar vert registrerte her, må du ta kontakt med sakshandsamar.

Informasjon om IPLOS-registeret

Pasientjournal
Kommunen lagrar all innhenta informasjon om brukarane i ein elektronisk pasientjournal. Denne er konfidensiell. Du som brukar har rett til innsyn i denne journalen.
Alle opplysningane vert handsama konfidensielt.

Klage på vedtak
Du kan klage på vedtaket, jf. pbrl. § 7-2. Søkjar, verje eller den som har fått fullmakt frå søkjar, kan klage på vedtaket. Klagen skal vere skriftleg, jf. pbrl. § 7-2 og må visa til kva i vedtaket du vil klaga på, og gje opplysningar som kan vera av betydning for behandlinga av klagen. Klagefrist er 4 veker frå du mottar vedtaket. Jf. pbrl. § 7-5. Dersom kommunen opprettheld  vedtaket, vil klagen bli sendt vidare til Statsforvaltaren for vurdering. Statsforvaltaren si vurdering av klagen vil vera endeleg.