Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ergoterapi

Ergoterapeutar gjev tenester til born/unge, vaksne og eldre som har vanskar med å utføre daglege aktivitetar grunna ulike funksjonsvanskar. Tiltaka har som mål å fremje deltaking, meistring og sjølvstende på alle arenaer der ein ferdast. Ergoterapi kan vere ein del av eit habiliterings- og rehabiliteringsforløp. 

Tenester

  • Individuell kartlegging, trening, rettleiing og oppfølging med fokus poå aktivitet og deltaking
  • Råd og rettleiing i fysisk tilrettelegging av bustader. Dette gjeld både endringar i eksisterande bustad og nybygg
  • Rettleiing og trening for å fungera best mogleg i kvardagen
  • Hjelp til å søkje om tekniske hjelpemiddel, tilretteleggingstilskot, spesialtilpassa bil mm.
  • Opplæring i bruk av hjelpemiddel
  • Habilitering og rehabilitering, i og utafor institusjon
  • Kvardagsrehabilitering

Tilvising/kontakt

Ein treng ikkje tilvising frå lege. Du sjølv, pårørande, eller andre  fagpersonar kan ta direkte kontakt med med oss. Henvendelsar vert registrert og prioritert etter intern prioriteringsnøkkel.

Pris for tenesta

Kommunale ergoterapitenester er gratis.

Telefon og e-postliste:

Telefonliste Ergo- og fysioterapitenesta

Nyttige lenker: 

Småhjelpemiddel: https://www.velferdsbutikken.no/

Husbanken: http://www.husbanken.no

NAV Hjelpemiddelsentral: http://www.hjelpemiddeldatabasen.no