Prisar:
Influensavaksine: 250 kr
Pneumokokkvaksine (lungebetennelse): 450 kr
Koronavaksine: gratis
Det vil bli tilbod om alle tre vaksinane på massevaksinasjonsdagane. Dei kan setjast samtidig.
For meir informasjon om risikogruper og vaksinasjon kan du lesa her:
Influensavaksine
Koronavaksine
Pneumokokkvaksine
Datoar og klokkeslett for influensa - og koronavaksinering 2024:
Rosendal samfunnshus:
21.10.24 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
22.10.24 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
Husnes kulturhus:
23.10.24 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
24.10.24 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
25.10.24 - kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
Vaksine mot influensa:
Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa, men enkelte risikogrupper er meir utsette for alvorleg sjukdom enn andre.
Barn og vaksne i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:
• Alle frå fylte 65 år
• Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustadar.
• Barn og vaksne med:
• kronisk lungesjukdom
• kronisk hjarte- og karsjukdom
• kronisk leversvikt
• kronisk nyresvikt
• kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
• nedsett immunforsvar
• diabetes mellitus, type 1 og 2
• svært alvorleg fedme (BMI over 40)
• annan alvorleg eller kronisk sjukdom
• Gravide frå 12. svangerskapsuke
• Prematurt fødde barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, (frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år.
I tillegg vert influensavaksine anbefalt til følgjande grupper, primært for å verne andre:
- Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
- Personar som bur i lag med eller er nær immunsupprimerte
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande gris.
Vi tilrår at personar frå nemnde grupper tek vaksine mot sesonginfluensa årleg. Influensavaksine gir vern mot fleire typar influensavirus.
Vaksine mot korona:
Koronaviruset gjev sjukdom i luftvegane. Mange får ingen eller milde symptom, men nokon blir alvorleg sjuke. Meininga med å vaksinere mot koronavirus er å førebyggje alvorleg sjukdom og død. Vernet du har oppnådd etter tidlegare vaksinedosar eller etter gjennomgått sjukdom, vil bli svakare over tid. FHI rår difor til at dei som er mest utsette for alvorleg koronasjukdom, tar ein ny dose før vintersesongen 24/25.
Koronavaksinen kan takast saman med influensavaksinen.
Kven blir tilrådd ny dose koronavaksine før haust/vintersesong 24/25?
- Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
- Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
- Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
- Born 6 månader - 11 år med alvorleg grunnsjukdom om barnet sin lege vurderer dette som viktig.
- Gravide i 2- og 3- trimester
Med risikogruppe meiner ein personar som har enkelte sjukdomar eller tilstandar som gjev auka risiko for å bli alvorleg sjuk av korona.
Er du usikker på om du er i ei risikogruppe, kan du lesa meir på fhi.no eller spørja fastlegen din.
Det er den oppdaterte vaksinen Comirnaty Omikron JN.1
Vaksinen er gratis.
Vaksine mot pneumokokksjukdom:
Pneumokokk er ein bakterie som kan gi lungebetennelse, øyrebetennelse eller biholebetennelse, men og alvorleg sjukdom som blodforgifting eller hjernehinnebetennelse som mange døyr av.
Ta vaksine dersom du er :
- 65 år eller eldre
- Har sjukdom som gir immunsvikt
- Brukar medisin som svekker immunforsvaret
- Har sjukdomar eller andre tilstandar som gir auka risiko
- Risiko for smitte gjennom jobb
Pneumokokkvaksine bør takast kvart 6.år.
Vaksine mot kikhoste:
Kikhoste vert forårsaka av bakterien Bordetella pertussis, i familien Bordetella, og vert rekna som ein svær smittsam sjukdom. Kikhoste startar som ei vanleg forkjøling, men etter om lag éi veke kan ein få kraftige hosterier. Den kraftige hosten kan vara i opptil tre månadar (tidlegare vart kikhoste kalla for «hundredagarshoste»).
Dei to siste åra har Noreg og fleire europeiske land sett ei kraftig auke i kikhoste. Vi veit ikkje heilt årsaka, men truleg er det ein kombinasjon av «immunologisk gjeld» etter koronapandemien og fallande vaksinasjonsdekning i fleire europeiske lang.
Sjukdomen kan vera farleg for små barn, spesielt for spedbarn, fordi dei kan slutta å pusta i samband med hosteanfalla. Om lag 1/3 av dei minste barna må leggjast inn på sjukehus.
Før kikhostevaksinen blei tatt inn i det norske barnevaksinasjonsprogrammet, i 1952, opptredde periodiske kikhosteepidemiar med 4-5 års mellomrom. Høgast førekomst av kikhoste i Noreg vart meldt i 1949 med 48 567 tilfelle, der 80 barn døydde.
Kve bør revaksinera seg:
- Frå og med mai i år får alle gravide tilbod om vaksine i veke 24. Dette for å beskytta det nyfødde barnet fram til første dose i barnevaksinasjonsprogrammet ved 3 månadars alder.
- Alle som ikkje har vaksinert seg mot kikhoste siste 10 år, og særleg dersom du regelmessig er mykje med små barn.
Vaksinen som vert brukt til revaksinasjon (Repevax eller Boostrix polio) gjev òg fornya beskyttelse mot stivkrampe, difteri og polio. Det er ei velutprøvd vaksine med svær få biverknadar.
Kontakt helsesenteret, eller ta elektronisk kontakt med fastlegen din, for å få resept å vaksinen. Vaksinen kan anten setjast på apoteket, helsesenter eller på helsestasjonen.
Reisevaksinering
Kvinnherad kommune sitt tilbod om tuberkuloseundersøking, yrkesvaksinering og reisevaksinering vert utført på Husnes helsestasjon i Aksen 2.etg.
Kontoret er ope kvar onsdag 08.00-15.30.
Tuberkuloseundersøking er lovpålagd, og difor vert dei aktuelle kalla inn til time.
Dersom du treng yrkesvaksinering eller reisevaksinering, må du avtala time på førehand.
Anbefalar å bestilla time i god tid, då einskilde vaksiner har lengre bestillingstid eller krev fleire doser med visst intervall.
For bestilling av time, reiseråd etc. ta kontakt på telefon.
- Line S Holmedal: 91 85 02 65
- Elin Johnsen Eskeland: 47 61 92 08
Ein kan òg kontakta helsestasjonen sitt sentralbord der ein kan be om å bli ringt tilbake dersom dei ansvarlege er opptekne. Tlf: 53 46 16 20
På FHI finn ein oversikt over kva reisevaksinar ein bør ta i dei ulike landa: www.fhi.no/vaksine/reisevaksiner/