Gebyr for vatn og avløp

Gebyret er delt i to: Eit abonnementsgebyr og eit forbruksgebyr.

  • Abonnementsgebyret er ein fast sats som må betalast for kvar bueining, næringseining eller anna eining som t.d. naust..
  • Forbruksgebyret betalar abonnenten etter stipulert eller målt mengde. Ved stipulering nyttar ein følgjande inndeling;
    1. Bustadhus 0 – 80 m2: 150 m3 pr. år
    2. Bustadhus 81 – 300m2: 200 m3 pr. år
    3. Bustadhus 301 m2 og større: 300 m3 pr. år
    4. Fritidshus: 50m3 pr. år
  • Kundar som har vassmålar les av vassmålaren 1 gong pr. år (desember)og melder standen inn til kommunen etter tilsendt SMS eller tilsendt avlesingskort. For meir informasjon om vassmålar les her.

Det er mogleg for kundar som ikkje har kommunalt vatn å ha vassmålar og betala avløpsgebyr etter målt mengde brukt vatn. Då vatn inn = vatn ut. Nærings eigedomar skal måle forbruk av vatn/avløp vha. vassmålar.

Kan eg sleppa vass-/avløp gebyr?

For å unngå vass- og avløpsgebyr må eininga fråkoplast/plomberast. Det skal betalast gebyr fram til vassleidninga fysiske er fråkopla, eller kommunen har motteke melding frå godkjent røyrleggjar om at dette er utført. Det vert krevd eit gebyr for plombering jf. gebyr satsane til Kvinnherad kommune.

For utfyllande informasjon sjå Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Kvinnherad kommune

Gebyr for brann- og feietilsyn

Gebyret er ein sats pr. pipeløp. 

Tidlegare var det opp til kvar kommune om feiing og tilsyn skulle gjelda fritidsbustad eller ikkje. Ny forskrift pålegg no kommune å feia alle bygg som har fyringsanlegg. Kvinnherad brann og redning starta opp med feiing og tilsyn av fritidsbustader i 2018. Feiing og tilsyn av fritidsbustader blir gjennomført kvart 4. år. Eigarar vert varsla om feiing/tilsyn i brev. Kvinnherad kommune ber om at dei som ikkje har eldstad i hytta, gir melding om dette til kommunen, skriftleg. Det kan gjerast gjennom e-post til post@kvinnherad.kommune.no. Hugs gards- og bruksnummer på eigedommen det gjeld.

Tømming av slamavskiljar/septiktank

Det er SIM som har ansvar for tømming av slamavskiljarar i Kvinnherad kommune, og det er dei som fakturerer gebyr for dette.

Tømming av slamavskiljar knytt til bustadhus skjer normalt kvart 2. år. Kunden blir varsla av SIM eller deira utførande firma i forkant av tømminga.

Tømming av slamavskiljar for fritidshus skjer normalt kvart 4. år .

Dersom ein ønskjer ekstra tømming utover den normale frekvensen, tek abonnenten kontakt med SIM på tlf: 53 45 78 50.

Minireinseanlegg vert tømt etter det som står i servicekontrakt frå leverandør. Her varierer det om dei tømmer kvart år eller kvart 2. år. Enkelte har også tømming når servicemann har vore på kontroll, og gjev beskjed om det skal tømmast.

For utfyllande informasjon frå SIM sjå deira heimeside www.sim.as

Renovasjon til private

Det er Sim som har ansvaret for innsamling av renovasjon frå private hus- haldningar og fritidshytter i Kvinnherad. Det er derfor SIM som sender ut faktura på desse tenestene. Faktura vert sendt ut 2 gonger i året.

For utfyllande informasjon om prisar og tømmeruter sjå SIM si heimeside.

Ein kan søkje om fritak for renovasjonsgebyret, for meir informasjon om dette sjå skjema sjølvbetjening nedst på SIM sine heimesider.

Fritidshytter betalar eit renovasjons gebyr for hytter og må nytte seg av utplasserte containerar, for oversikt over desse står kan ein nytta eit kartutsnitt på SIM si heimeside.

SIM driftar ein miljøstasjon på Husnes industriområdet, og her er det mogleg å levere avfall av ulike typar. Opningstidene finn du her.

Eigedomsskatt

Kvinnherad har i åra som kjem ekstraordinære inntekter som kommunestyret meiner bør koma innbyggjarane til gode. Kommunestyret har difor valt å ta vekk eigedomsskatt for hus, hytter og næring medan kommunen har høge ekstraordinære inntekter.
Eigedomsskatt for kraftanlegg, kraftnett og oppdrettsanlegg i sjø etter § 3c i eigedomsskattelova vil halda fram.