OFTE STILTE SPØRSMÅL

1. Kva dokumentasjon må liggja føre for å bruka betong- eller teglavfall?

Med mindre det utan tvil er unødvendig, skal den som brukar betong- eller teglavfall til anleggsarbeid kunna dokumentera at avfallet kjem frå byggverk der førekomst av helse- og miljøfarlege stoff som nemnt i Tabell 1 vart kartlagd med eit tilstrekkeleg tal prøvar av ein aktør med miljøteknisk kompetanse før byggverket vart rive og kunna visa fram ei skildring av kartlegginga som inneheld minst:

  • Eintydig avmerking av eigedomen/ane kor betongen eller teglet har oppstått og grunneigar sitt namn
  • Kven kartlegginga av helse- og miljøfarlege stoff er utført av
  • Dato for kartlegginga
  • Byggjeår og årstal for vesentlege endringar dersom det er kjent
  • Skildring/forklaring/beskriving? av prøvetaking av evt. målingslag, sementbaserte fuger, avrettingsmassar og murpuss
  • Skildring av prøvetaking av betong og tegl
  • Resultat frå analysar av materialprøvane
  • Kva mengd betong og tegl som er brukt frå det enkelte riveprosjekt
  • Kor og korleis betongen og teglet er brukt

2. Kva grenseverdiar skal nyttast i vurderinga om bruk av betong- og teglavfall til anleggsarbeidar er lovleg utan løyve frå forureiningsmyndigheita?

Grenseverdiane for tilstandsklasse 1 (som svarar til normverdiane i forureiningsforskrifta kap.2 vedlegg 1) kan vera eit godt utgangspunkt for å vurdera om massane har eit forureiningspotensial. Dette fordi grenseverdiane i tilstandsklasse 1 er laga for å ivareta omsyn til både helseeffektar og skadar på økosystem. Miljødirektoratet har vurdert at arsen-, nikkel-, krom(III)- og krom(VI)-innhaldet kan vera noko høgare ved bruk av betong og tegl, sjå Tabell 1 nedst på sida.

3. Kva grenseverdiar skal nyttast i vurderinga av analyseprøvar frå måling, fuger, avrettingsmassar og murpuss?

I vårt forslag til forskrift foreslår vi at betong og tegl framleis kan nyttiggjerast utan løyve dersom måling, sementbaserte fuger, avrettingsmassar eller murpuss (ikkje sjølve betongen eller teglet!) inneheld konsentrasjonar av PCB, kadium bly og/eller kvikksølv opp til grenseverdiane i Tabell 2 (nedst på sida).

Det vert knytt nokre ekstra vilkår til attvinning i desse tilfella:

  • Avfallet dekkjast med eit toppdekke. Med mindre det vert nytta fast dekke, medrekna asfalt og betong, skal toppdekke utgjera minst 0,5 meter.
  • Avfallet brukast ikkje i sjø, myrområde eller andre område der betongen eller teglet sin pH og kjemiske stabilitet vil påverkast monaleg.
  • Avfallet leggjast minst éin meter over høgaste grunnvasstand.

For øvre stoff meiner vi at det held med å avklara konsentrasjonane i sjølve betong- og tegl-avfallet, med representativ prøvetaking som viser at verdiane i Tabell 1 vert overhaldt. Vi veit at mange stoff i Tabell 1 kan førekoma i høge konsentrasjonar i måling, men vi meiner at det er liten risiko for at gjennomsnittsverdiane av desse stoffa vert overskriden for betong- og teglavfallet i sin heilskap, samt at dei ikkje utgjer ein alvorleg risiko for helse og miljø.

4. Er det naudsynt å analysera betongprøven for både krom totalt og seksverdig krom?

Vi ser at innhald av høge konsentrasjonar av krom(VI) kan førekoma i sjølve betongen, og vi veit om tilfelle der krom(VI) har overskride normverdien opp til 15 gongar. Vi oppmodar difor at sjølve betongen analyserast for både krom total og seksverdig krom.

5. Finst det grenseverdiar for klorparafinar?

Miljødirektoratet har ikkje vurdert klorparafinar i betongavfall, men ser at det kan førekoma i høge konsentrasjonar, og det må vurderast av miljøkonsulent i kvart tilfelle.

6. Kan betong- og teglavfall som inneheld plast eller sprøytebetong nyttiggjerast?

Slik type avfall kan ikkje nyttiggjerast utan løyve frå forureiningsmyndigheita.

8. Kven er ansvarleg for betong- og teglavfall etter at det er nyttiggjort?

Når avfallsprodusentar leverer avfall til aktørar som ynskjer å nyttiggjera avfallet utan å vera lovlege avfallsanlegg, har dei eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at avfallet ikkje vert disponert på ein måte som bryt med krav gitt i medhald av forureiningslova. Når avfallsprodusentar leverer avfall til eit lovleg avfallsanlegg, til dømes eit deponi med løyve etter forureiningslova, skjer dette derimot med frigjerande verknad.

9. Kven skal søknad om løyve etter forureiningslova sendast til?

Miljødirektoratet er forureiningsmyndigheit når det vert søkt om løyve til å nyttiggjera betong- og teglavfall. Statsforvaltaren er myndigheit dersom det vert søkt om løyve til å nyttiggjera avfall på bedriftsområde til verksemder som Statsforvaltaren er konsesjonsmyndigheit for eller å bruka betongavfall til utfylling i sjø og vassdrag. Med utfylling meinast tiltak der massar leggjast på sjøbotnen for å vinna land.

10. Kven er myndigheit når ein ynskjer å bruka betongavfall som del av bakkeplanering?

Kommunen har mynde til å gi bakkeplanering, som t.d. å gjera areal betre eigna til maskinell drift.

11. Kva må søknaden innehalda?

Forureiningsforskrifta § 36-2 omtalar kva søknad om løyve i medhald av forureiningslova § 11 skal innehalda der det er relevant. Forureiningsmyndigheita kan gi utfyllande bestemmingar om form og innhald i søknaden, og dersom det er naudsynt for behandling av saka, krevja ytterlegare opplysingar enn det som står i forskrifta. Søknadar om annan bruk av betongavfall må innehalda minimum denne informasjonen:

  • Søkjar sitt namn og adresse
  • Eintydig spesifikasjon av den eller dei eigedomar kor betongen ynskjast brukt og grunneigar sitt namn
  • Utgreiing for forholdet til eventuelle oversikts- og reguleringsplanar
  • Utfyllande skildring av det planlagde tiltaket, skildring av korleis massane skal nyttiggjerast, utgreiing for lokale resipientforhold i område der tiltaket er tenkt gjennomført (inkludert om det i området føreligg særskilte interesser knytt til bruk av grunnvatn, sjølve område eller nærleik til sårbar vassresipient)
  • Resultat frå miljøkartlegging
  • Skildring av alle utslepp til luft, vatn og grunn som tiltaket kan forårsaka og kva verknad desse kan få
  • Oversikt over interesser som reknast å få følgjer av tiltaket, medrekna ei oversikt over kven som bør varslast, jf. § 36-5 og § 36-6
  • Skildring av forholdsreglar som kan førebyggja eller avgrensa forureining og skadeverknadane av denne
  • Tilvising til vedtak eller uttale frå offentlege organ som har fått saka førelagd
  • Utgreiing for behovet for tiltaket og kva type massar betongen skal erstatta (kva type materiale ville elles bli nytta)

12. Kor lang er sakshandsamingstida?

Det må reknast sakshandsamingstid på om lag 2 – 4 månadar frå det tidspunktet alle naudsynte opplysingar i saka er motteke.

13. Kostar det noko å få ein søknad behandla?

Miljødirektoratet sitt arbeid med fastsetjing av løyve etter forureiningslova § 11 er omfatta ei gebyrordning, jf. Forureiningsforskrifta kapittel 39. Vanlegvis nyttast lågaste gebyr (gebyrsats 4) som er på rundt 22.000 kr. Dette er ikkje ein absolutt pris. Ved småskala avfall vert pris på behandling av søknad justert etter kor store massar det er snakk om.

14. Kan tiltaket setjast i gang når Miljødirektoratet (evt. Statsforvaltaren) har gjeve løyve?

Miljødirektoratet (evt. Statsforvaltaren) gjer vurderingar på bakgrunn av forureiningslovverket. Tiltak kan sjølvsagt ikkje gjennomførast utan at dette er avklart med den som har rådigheit over eigedomen (grunneigar også, der det er relevant, òg festar/leigar). I tillegg må andre naudsynte offentlegrettslege løyver (til dømes etter plan- og bygningslova) vera innhenta.

Tabell 1. Vegleiande grenseverdiar ved bruk av betong og tegl

Stoff

Konsentrasjonsgrense (mg/kg)

Metall:

 

Arsen

15

Bly (uorganisk)

60

Kadmium

1,5

Kvikksølv

1

Kopar

100

Sink

200

Krom (III)

100  (tot)

Krom (VI)

8

Nikkel

75

PCB:

 

Ʃ7PCB

0,01

PAH-forbindingar:

 

Ʃ16 PAH

2

Benso(a)pyren

0,1

Alifatiske hydrokarbon:

 

Alifat C5-C6

7

Alifat >C6-C8

7

Alifat >C8-C10

10

Alifat >C10-C12

50

Alifat >C12-C35

100

 

Hugs at dei øvre tilstandsklassane (TA-2553/2009) berre er sett ut frå omsynet til menneske si helse og kan difor ikkje nyttast for å vurdera om det å tilføra forureina massar til eit område vil medføra «nemneverdige skadar eller ulemper»!

Tabell 2. Grenseverdiar i måling, sementbaserte fuger, avrettingsmassar og murpuss

(Tabellen kan IKKJE nyttast på betong eller tegl!)

 

PCB (∑7)

Kadmium (Cd)

Bly (Pb)

Kvikksølv (Hg)

Konsentrasjon (mg/kg)

1

40

1 500

40