Samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggande tiltak

Innsatsen mot rus og kriminalitetsførebygging er målretta mot personar, situasjonar og miljø som er særleg utsette. Vi har fokus på barn og unge i aldersgruppa 12- 25 år og familiane deira, som nyttar eller er utsette for rus eller kriminalitet.

For at barn og unge skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper er det etablert ein samarbeidsmodell. Den blir kalla for SLT og står for samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggande tiltak.

SLT skal bidra med å førebyggja:

  • barne- og ungdomskriminalitet
  • rusmisbruk blant barn og unge
  • hatytringar og valdeleg ekstremisme blant barn, unge og vaksne  

Gjennom SLT-samarbeidet skal vi:

  • Oppdaga tidleg barn som er i risiko for rus og kriminalitet.
  • Førebyggja utanforskap.
  • Sikre trygge og inkluderande skular - motverka fråvær og fråfall
  • Sikre tett og målretta oppfølging av unge lovbrytarar, gjengangarar og nettverk
  • Utvikle gode modellar for samarbeid - utsette unge

Slik er SLT-samarbeidet organisert

SLT-modellen blir organisert på tre nivå. I Kvinnherad er dette:

1. Styrande nivå
består av politiråd. I politiråd møter ordførar, kommunedirektør, sektorleiarar frå Helse og omsorg og Oppvekst og politi. SLT-koordinator er sekretær for Politirådet. Politistasjonssjef leiar politirådet. Politirådet har ansvar for mål og prioriteringar for rus og kriminalitetsførebygging i Kvinnherad kommune. 

2. Koordinerande nivå
Årleg held politikontakt og SLT-koordinator eit førebuande politirådsmøte. Her møtast alle einingsleiarar frå ungdomsskulane, rektor frå KVV, leiar for Barnevern, Helsestasjon, NAV, representant frå Ungdomsteamet og einingsleiar for Rus og Psykisk helse. Målet for det førebuande politirådsmøtet er å identifisere utfordringar i vår kommune knytt rus og kriminalitet blant barn og unge. Dei identifiserte utfordringane løftast til politiråd. Deltakarane skal vere sentralt plasserte i dei respektive verksemdene sine, med avgjerdsstyresmakt og nær kjennskap til utfordringane i sektoren sin. Samansetninga skal gjenspegle dei viktigaste oppgåvene for SLT-nettverket. 

Koordineringsgruppa skal:

  • Ut i frå kunnskapskjelder og erfaring avdekke utfordringar kommunen står overfor
  • Skaffa kunnskap om korleis desse utfordringane best kan møtast
  • Fatta avgjersler og setja inn tiltak og koordinere innsatsen på tvers av etatane
  • Sikre effektiv utnytting av ressursane og sørge for evaluering

3. Utførande nivå
Alle dei som jobbar med det praktiske rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet. Her finn vi funksjonar som er i direkte kontakt med barn og unge. Kvinnherad kommune satsar på barn og unge og har eit sterkt ungdomsteam som jobbar førebyggande og er tilgjengelege i det daglege for våre ungdommar. I vår kommune jobbar vi for å ha eit tett samarbeid mellom dei instansane som møter barn og unge i kvardagen. Vi ynskjer tett dialog og samarbeid med foreldre og sambygdingar som bryr seg og vil det beste for våre lokalmiljø. 

SLT-koordinator
Handlar på vegner av kommuneleiinga, og er ein pådrivar og eit bindeledd i samarbeidet. Koordinatoren skal sørga for at dei aktuelle samarbeidspartnarane møtast regelmessig, avdekker behov, synleggjer ressursar og initierer tiltak hos dei ulike deltakarane i SLT-nettverket. Skal ha oversikt over dei ulike aktørane i det kriminalitetsforebyggande arbeidd. SLT- koordinatoren skal først og fremst initiere og koordinere, ikkje gjennomføre tiltaka.

Politikontakt i Kvinnherad

I Kvinnherad kommune har vi eit tett samarbeid med politiet. Vi jobbar systematisk og målretta med faste møtepunkt. Politikontakten sørger for oppfølging frå politiet si side av forpliktande avtalar mellom politi og kommune. Politikontakten i Kvinnherad er Are Uppheim, og er ein viktig samarbeidspartnar for SLT-koordinatoren i kommunen.

Kvinnherad politistasjon

Kva kan du gjera?

Treng du hjelp, eller lurer du på om andre treng hjelp? Er du bekymra for eit ungdomsmiljø eller ser du behov for tettare samarbeid mellom fleire instansar som kan hjelpa sårbare barn, ungdom, familiar eller miljø? Sjå oversikt over hjelpetenester for barn og unge. (Oversikt kjem snart)

Mistanke om vald eller overgrep?

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med politi eller barnevern - sjå meir informasjon her