Introduksjonsprogram for nykomne flyktningar
Personar som er busett i Kvinnherad kommune etter avtale med Integrerings – og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet. Kommunen kan også tilby introduksjonsprogram til foreinte familiar med flyktningar. Formålet for deltaking i introduksjonsprogrammet er at flyktningar skal tidleg integrerast i samfunnet og bli økonomisk sjølvstendige.
Kva er introduksjonsprogrammet
Eit ordinært Introduksjonsprogram er heilårleg og på fulltid. Det er eit opplæringsprogram som skal forbereda deg til deltaking i det norske arbeidslivet. Gjennom introduksjonsprogrammet skal du læra norsk og få forståing for det norske samfunnet. Du skal få opplæring og kunnskap om norsk arbeidsliv. Du skal òg få utdanning om du treng det. Det er eit mål at du skal koma i jobb eller utdanning når du er ferdig. Kommunen skal setja sluttmål for den einskilde si deltaking i introduksjonsprogrammet. Sluttmål og varigheit av programmet vert basert på den einskilde deltakar sin utdanningsbakgrunn og behov for vidare kvalifisering. Introduksjonsprogrammet vert avslutta ved oppnådd sluttmål eller varigheit. Innhald og varigheit i programmet vil variera også etter kva type opphaldsløyve du har.
Introduksjonsprogrammet skal minst innehalda
- opplæring i norsk
- opplæring i samfunnskunnskap
- kurs i livsmeistring
- arbeids – eller utdanningsretta element
Deltakarar som har barn under 18 år skal delta på kurs i foreldrevegleiing. Det same gjeld deltakarar som får barn i løpet av programmet.
Flyktningar frå Ukraina
For flyktningar med mellombels kollektiv beskyttelse er innhaldet i introduksjonsprogrammet noko annleis. Følg lenkje nedanfor.
Introduksjonsprogram for flyktningar med mellombels kollektiv beskyttelse
Språkpraksis
Kva er språkpraksis?
Språkpraksis er ein metode for å læra norsk raskare og betre. Språkpraksis betyr at deltakar får praktisera norsk på ein arbeidsstad. Føremålet med ein slik praksis er å styrkja språket og gje erfaringar som kan relaterast til vidare opplæring både i arbeidslivet og norsk språk.
Kvifor språkpraksis?
- Språkpraksis fremjar inkludering og integrering.
- Språkpraksis kan gjera vegen inn i arbeidslivet i Norge lettare å gå.
- Det er ofte nødvendig å visa til jobberfaring frå Norge når ein søkjer jobb. Språkpraksis gjev jobberfaring.
Kort om språkpraksis
- Språkpraktikanten er deltakar i introduksjonsprogram og får tilbod om språkpraksis som del av norskopplæringa
- Offentlege og private arbeidsgjevarar tar inn éin eller fleire språkpraktikantar i bedrifta si for ein avtalt periode
- Språkpraktikanten skal, så langt det er mogleg, utføra dei same arbeidsoppgåvene som bedrifta sine tilsette elles
- Arbeidet skal ikkje lønnast då deltakar får introduksjonsstønad frå kommunen
Kva får deltakaren?
- Praktisera norsk
- Betre motivasjon til å læra norsk
- Får kunnskap om norsk arbeidsliv og kultur
- Får eit realistisk bilete av kva som vert forventa av ein arbeidstakar i Noreg
- Opplæring i nye arbeidsoppgåver og kunna nytta opparbeidd yrkeserfaring
- Inkludering i eit arbeidsfellesskap og knyta nettverk
Kva får bedrifta?
- Mogleg rekruttering av arbeidskraft
- Erfaring i å væra ein del av et tverrfagleg samarbeid
- Bli kjent med person som kan vurderast mot framtidig arbeid
- Kompetanse som ein fleirkulturell arbeidsplass
Felles ansvar - felles innsats
Har du og di bedrift lyst og høve til:
- å bidra til inkludering av éin eller fleire framtidige arbeidstakarar med utanlandsk bakgrunn?
- å bidra til kommunen sitt integreringsarbeid?
- å ta ein språkpraktikant inn i medarbeidargruppa?
Vil du og bedrifta din vera med på laget?
Her finn du skjema: Praksisplass for flyktningar
Føresetnad og kriterium
Føresetnad for å delta i introduksjonsprogrammet er at
- du er i alderen 18 til 55 år
- du har budd i ein kommune i mindre enn to år
Eitt av følgjande kriterium gjeld for deltaking i introduksjonsprogrammet
- Du har fått opphaldstillating som flyktning
- Du har fått opphaldstillating som overføringsflyktning
- Du har fått opphaldstillating på humanitært grunnlag
- Du har fått opphaldstillating på grunnlag av kollektiv beskyttelse
- Du har fått opphaldstillating som familiemedlem til personar i ovannemnte grupper som ikkje har vore busett her i meir enn fem år.
- Du har etter samlivsbrot fått opphaldstillating på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet
Følgjande grupper kan få introduksjonsprogram utan busetjingsavtale, men har ikkje alltid automatisk rett og plikt til introduksjonsprogram, det må undersøkjast i kvar einskild sak:
- Foreinte familiar med personar som vert omfatta av éin av dei fire gruppene ovanfor. Personen som ein blir familieforeint med kan ikkje ha budd i Noreg i meir enn 5 år når det vert søkt om familieforeining.
- Personar som på sjølvstendig grunnlag har fått opphaldstillating fordi:
- personen sjølv, eller barna deira, har blitt mishandla i samlivsforhold.
- personen grunna samlivsbrot vil få urimelege vanskar i heimlandet.
- personen har vore utsett for tvangsekteskap.
Sjølv om du ikkje har rett til introduksjonsprogram, kan du framleis ha rettigheiter til norskundervisning og undervisning i samfunnskunnskap ved Vaksenopplæringa.
Korleis koma inn i programmet?
Flyktningar som vert busett i Kvinnherad kommune etter avtale med IMDi, får informasjon om introduksjonsprogram frå Integreringsteamet og vil få innkalling til inntakssamtale.
Følgjande personar må sjølv søkja seg inn i introduksjonsprogrammet:
- Personar som kommer ved familieforeining
- Personar som av andre grunner kan ha rett eller plikt til program.
Her kan du søkja om å bli med i introduksjonsprogrammet
Familiar med barn
Deltakarar i introduksjonsprogrammet som har barn under 18 år skal delta på kurs i foreldrevegleiing. Det same gjeld deltakarar som får barn i løpet av programmet.
Dei som kjem til kommunen etter avtale med IMDi vil få oppnemnt ein kontaktperson i integreringsteamet. Kontakt med skule og barnehage vil bli gjort i forkant av busetjinga. Kontaktperson avtalar oppstart i barnehage og skule etter innkomst og følgjer til innskriving.
Introduksjonsstønad med krav om deltaking
Deltakarar i introduksjonsprogrammet får utbetalt introduksjonsstønad. På årsbasis utgjer dette to gongar folketrygda sitt grunnbeløp. Introduksjonsstønaden er skattepliktig men gjev ikkje pensjonspoeng. Personar under 25 år mottar 2/3 stønad. Personar under 25 som bur med éin eller begge foreldra mottar 1/3 stønad. Stønaden er med vilkår om aktiv deltaking i programmet. Ugyldig fråvær fører til trekk i stønad, etter tilsvarande reglar ved arbeidslivet.
Sakshandsaming
Kommunen skal sørga for introduksjonsprogram så snart som mogleg og innan tre månadar etter busetjing i kommunen. Om du ikkje har motteke tilbodet innan tre månadar, skal du ha skriftleg beskjed om årsaka til dette, med opplysingar om når ein kan rekna med at introduksjonsprogrammet kan starta.
Behandling av personopplysingar
Kvinnherad kommune behandlar personopplysingar i samband med tenester vi leverer.
Forskrift til integreringslova kapittel 9
Høve til å klaga
Du kan klage på avgjersler om
- tildeling av introduksjonsprogram, introduksjonsstønad og opplæring i norsk og samfunnskunnskap
- fritak frå opplæring i norsk og samfunnskunnskap
- vesentlege endringar av integrerings – og norskplan
- stans av introduksjonsprogrammet eller opplæring i norsk og samfunnskunnskap
- fråvær og permisjon
- forlenging av introduksjonsprogrammet
- trekk i introduksjonsstønaden med 50% eller meir av ei einskild utbetaling
- tilbakebetaling av stønad på grunn av urette opplysingar
- refusjon i ytingar av folketrygda
Klage må leverast innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Om du treng vegleiing, kan du venda deg til kommunen. Opprettheld kommunen avgjersla si, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland som avgjer om klaga skal takast til følgje.
Språktolketenester
Bruk av tolketeneste skal sikra at brukarar som ikkje kan gjera seg forstått får tolk på samtalar og at medarbeidarar sikrar at informasjonen er gitt på eit språk brukarar forstår. Kvinnherad kommune har ein rammeavtale med Hero Tolk, og bestilling av tolk gjer ein til dei.
HeroTolk kan tilby
- telefontolking
- oppmøtetolking
- skjermtolking
- omsetjing
Barn og unge, ektefelle, andre slektningar, vener, naboar, kollegaar, medpasientar og andre medarbeidarar skal ikkje brukast som tolk.
Les meir informasjon om språktolketenester herotolk eller nasjonalt tolkeregister.
Bestilling av språktolktenester skal gjerast direkte via HeroTolk
Kvinnherad som integreringsarena
Som deltakar i introduksjonsprogrammet vil du og din familie få høve til å bli ein del av Kvinnherad som integreringsarena. Integreringsteamet har eit tett samarbeid med andre kommunale einingar og lokale frivillige organisasjonar.
Saman jobbar vi for at du og din familie skal få kjennskap til
- gode fritidsaktivitetar for barn
- gode fritidsarenaar for ungdom og vaksne
- verdien av frivilligheit og dugnad
- friluftslivmoglegheiter i Kvinnherad
- kulturliv og idrettsliv i Kvinnherad
Relevante lenkjer
Nettsider:
Lover og retningslinjer:
Integreringsloven
Forskrift til integreringsloven
Forvaltningslova