Kvinnherad kommune har eit rikt lags- og organisasjonsliv. Anten du ynskjer å driva med idrett, syngja i kor, delta på speidar eller 4H, vere med i hjelpekorpset, delta på dugnad eller gå i søndagsskulen, vil du alltid finna eit lag og eit fellesskap med menneske du kan dela interessa di med.

Klikk her for å sjå alle frivillige lag og organisasjonar heimehøyrande i Kvinnherad som er registrert i Frivilligregisteret. Her kan du og søkje etter frivillige lag i den kategorien du ynskjer.

For å registrera seg i frivilligregisteret må ein oppretta eit organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret. Dersom laget ditt treng hjelp til dette kan de ta kontakt med Kvinnherad frivilligsentral.

Sjå her for informasjon om leige av kommunale bygg.