Barneverntenesta tilbyr støtte og hjelp til barn, unge og deira familiar.

Er det vanskeleg heime, eller er du bekymra for korleis nokon du kjenner har det? 

Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid. Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge vert møtt med tryggleik, kjærleik og forståing.

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får gode og trygge oppvekstvilkår.

Omsynet til kva som er best for barnet er avgjerande. Barnet/ungdomen har rett på medverknad, og barneverntenesta skal vekte barnet si meining i alle avgjersler som gjeld barnet, utifrå alder og modning. Barn skal få informasjon om kva opplysningar frå barnet kan brukast til og kven som kan få innsyn i disse opplysningane. Barn som får hjelp av barneverntenesta har rett til å ha med seg ein person barnet har særleg tillit til, i alle samtalar med barneverntenesta. 

Barneverntenesta kan hjelpe barn, unge og familien deira med ulik hjelp. Hjelp frå barneverntenesta kan vera foreldrerettleiing, miljøarbeid, familieråd, besøksheim og støtte til fritidsaktivitetar for barn. 

Barneverntenesta samarbeider med alle instansar rundt barn, unge og deira familiar, og samarbeider særleg med barnehage, skule, helsestasjon, PPT, familiestøtte, BUP, NAV og politiet.

Barn og unge opp til 18 år kan få hjelp av barneverntenesta. Dersom ungdomen ynskjer det, og barneverntenesta vurderer det som det beste for ungdomen - kan barneverntenesta gje vidare hjelp, fram til ungdomen er 25 år.

Når bør du melde frå? Om du er uroa for om eit barn får god nok omsorg, er utsett for vald eller seksuelle overgrep, bør du melda frå til barnevernet. Di bekymringsmelding kan vera viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.

Du treng ikkje vera sikker på at noko er gale før du melder frå. Har du ei magekjensle på at barnet ikkje har det bra, bør du kontakte barnevernet. Det er barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgast opp. Di oppgåve er å sørgja for at barnevernet får vita om barn og unge som har det vanskeleg.

Meir informasjon om barnevern

Send bekymringsmelding

 

Barnevernvakt
Barnevernvakta er ein del av den kommunale barneverntenesta i Kvinnherad kommune, og barnevernet sin akuttberedskap på kveldstid og i helger. Hovudoppgåva er å bistå barn og familiar med akutt hjelpebehov når kommunen si barnevernteneste er stengt.