Ved arv, gåve, kjøp/sal av eit gardsbruk eller jord-/skogareal er det fleire omsyn å ta. I det følgjande blir nokre forhold omtalt som kan vere aktuelle å ha kjennskap til både for den som vurderer å selja og den som vurderer å kjøpa landbrukseigedom/areal.
Konsesjonspliktig erverv av eigedom
- Eigedom med meir enn 35 dekar dyrka mark (fulldyrka og overflatedyrka jord) og/eller meir enn 100 dekar totalt areal er konsesjonspliktig ved kjøp frå andre enn nær slekt. Skjema for søknad om konsesjon finn du på Landbruksdirektoratet si nettside.
- Ved erverv av landbrukseigedom innan nær familie er det ingen konsesjonsplikt, men du får buplikt. Buplikt inneber at du innan eitt år frå overtakinga buset deg på eigedomen.
NB: Kvinnherad kommune vedtok i juni 2019 føringar for krav om buplikt. I Kvinnherad vurderer vi å setje krav om buplikt i samband med konsesjonssaker på eigedomar med meir enn 20 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord.
Etter konsesjonslova skal det ved handsaming av søknaden mellom anna leggast vekt på kjøparen sine planar for bruk av eigedomen og at kjøpet inneber ei driftsmessig god løysing. Dette siste er spesielt viktig ved kjøp av tilleggsjord til eit eksisterande bruk.
Handsaming av erverv der det må søkjast konsesjon:
Søknad om konsesjon på erverv av fast eigedom mv. skal sendast til kommunen for handsaming. Kommunen skal innhenta dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det fatta eit vedtak.
Kommunen fører konsesjonsvedtaket i matrikkelen dersom konsesjon blir innvilga. Kjøpar får melding om at konsesjon er gitt og vedtaket er ført i matrikkelen. Kjøparen sender då skøytet til Kartverket – Tinglysinga for tinglysing. Dersom kjøpar sender inn eit skøyte til Kartverket – Tinglysinga utan at kommunen har registrert den aktuelle konsesjonsinformasjonen i matrikkelen, vil skøytet bli avvist eller nekta tinglyst.
Konsesjonsfritt erverv av eigedom
- Ved erverv av konsesjonsfri eigedom skal den som overtek fylla ut ei eigenfråsegn om konsesjonsfridom som må bekreftast av kommunen før tinglysing av skøyte kan skje. Eigenfråsegnsskjema får ein ved å vende seg til kommunen eller kan lastast ned her.
Handsaming av konsesjonsfrie erverv:
Kjøpar sender eigenfråsegnsskjemaet til Kvinnherad kommune. Kommunen fører konsesjonsvedtaket i matrikkelen når vedtaket er fatta. Kjøpar får melding frå kommunen om at skjemaet er godkjent og vedtaket er ført i matrikkelen. Kjøparen sender då skøytet til Kartverket – Tinglysinga for tinglysing. Dersom kjøpar sender inn eit skøyte til Kartverket – Tinglysinga utan at kommunen har registrert den aktuelle konsesjonsinformasjonen i matrikkelen, vil skøytet bli avvist eller nekta tinglyst.
Saksgebyr for 2024 må du betala eit gebyr for handsaming av konsesjonssaker som vert politisk handsama på kr 5 000,-. Konsesjonssaker som vert handsama delegert har eit gebyr på kr. 2000,- Eigenfråsegn er gebyrfritt.
Søknad og søknadsfrist Fire veker etter at avtale om overtaking blei gjort eller du fekk råderett over eigedomen.
Du søkjer om konsesjon ved å fylle ut eit skjema frå Landbruksdirektoratet som du sender til kommunen.
Kommunen avgjer søknader om konsesjon. Kommunen sitt vedtak kan klagast til Fylkesmannen.
På sidene til Landbruksdirektoratet finn du skjema for:
- Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom etter konsesjonslova av 28. november 2003 nr. 98 (LDIR-359) Nynorsk
- Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av fast eigedom mv. (LDIR-360) Nynorsk
Les meir om konsesjon og konsesjonsfri overtaking av eigedom.
Har du fleire spørsmål, ta kontakt med kommunen sitt landbrukskontor.