I område utan offentleg leidningsnett, må det søkjast om separat utsleppsløyve. Kommunen er forureiningsmyndigheit og har ansvaret for utsleppsløyve for alle utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter, turistverksemder og liknande verksemder. Utslepp som ikkje har påslepp til offentlege avløpssnett vert sakshandsama av avdeling for byggesak og geodata.

Krav til slike anlegg er heimla i kap. 11 ,12 og 13 i forureiningsforskrifta. Om du vil søkja om utsleppsløyve for private avløpsanlegg, må du ta kontakt med Miljøretta helsevern.

For å kunna søkja om utsleppsløyve, må firmaet væra registrert hos oss. Registrering av firma kan ein gjera ved å “trykka her”