Eldrerådet har 5 medlemer med personlege varamedlemer; - 4 av medlemene er valde frå organisasjonar for eldre/ dei eldre, og 1 medlem frå politikarar. Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen, og skal ha til handsaming alle saker som skal til handsaming i politiske organ og som vedkjem levekåra for eldre i kommunen.

Eldrerådet skal ha hovudfokus på overordna saker, og skal ha til uttale følgjande saker:

  • Årsbudsjett, økonomiplan og handlingsplan
  • Kommuneplanar
  • Planar innan helse, pleie og omsorg

Eldrerådet kan på eige initiativ ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen, men rådet skal ikkje handsama saker som gjeld einskildpersonar. Rådet skal kvart år leggja fram melding til kommunestyret om verksemda si.

Her kan du lesa regjeringa sin rettleiar for eldreråd

Årsmelding for 2022

Handlingsplan 2023

Her finn du møteoversyn og medlemmar.