Kva gjer me?

NAV har som hovudmål å få fleire personar i arbeid og aktivitet og gje korrekte tenester og stønader til rett tid. Vi skal gje god service tilpassa brukarane sin føresetnad og behov, og vere ein heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning.

I NAV Kvinnherad arbeidar vi tverrfagleg og i samarbeid med andre tenester i kommunen.

Tilbod og tenester
Informasjon og rettleiing om arbeidsmoglegheiter og trygdeordningar
Jobbsamtale
Økonomisk sosialhjelp
Gjeldsrådgjeving
Kommunal og statleg bustønad
Kvalifiseringsprogram

Oddny Susanne Vågen er leiar for NAV Kvinnherad.

Opningstider

Måndag

09:30 – 11:30

Det kan gjerast timeavtalar utanom opningstida.

Tysdag

Stengt

Det kan gjerast timeavtalar utanom opningstida.

Onsdag

09:30 – 11:30

Det kan gjerast timeavtalar utanom opningstida.

Torsdag

Stengt

Det kan gjerast timeavtalar utanom opningstida.

Fredag

09:30 – 11:30

Det kan gjerast timeavtalar utanom opningstida.

 

Oppsøkande Team

Kva er eit oppsøkande team? 
Oppsøkande team har ansvaret for å finne, etablere kontakt og fylgje opp dei som lever i utanforskap (ikkje i arbeid, utdanning eller anna arbeidsretta aktivitet) i kommunen i alderen 16-25 år.  

Kva er målet til oppsøkande team? 
Målet er at ungdom som lever i utanforskap får hjelp til å komma vidare inn i aktivitet, og då helst i aktivitet som er relatert til arbeid eller utdanning.

Kven kan få hjelp av oppsøkande team? 
Tilbodet er eit lågterskel tilbod til ungdom mellom 16-25 år som lever i utanforskap som treng hjelp og støtte til vegen inn i arbeidsretta aktivitet, arbeid eller utdanning.

Korleis få hjelp av oppsøkande team? 
Ungdom kan sjølv ta kontakt, men og føresette, vener eller hjelpeapparatet. 

Dei vil då få;

  • tett individuell oppfølging.
  • hjelp til å starte utdanning eller komme i arbeid/arbeidstrening
  • hjelp til å søke økonomisk stønad.
  • hjelp til kartlegging og støtte på vegen vidare til rett hjelp.

Kvar har oppsøkande team kontor? 
Oppsøkande team har kontoradresse Nav Husnes, men er fleksible på møtestad og kan møte brukar det det er ynskjeleg. 

Kontakt oss:

Emma Reigstad: emma-kristin.reigstad@nav.no  tlf.94 97 63 47

Martin Måkestad: martin.makestad@nav.no tlf. 94 89 56 14

Statleg bustønad

Bustøtte er ei statleg støtteordning for deg som har låge inntekter og høge bu-utgifter.

Det er NAV Kvinnherad som registrer søknader og har all kontakt med søkjarane. 

For spørsmål, hjelp, rettleiing og endring er kontaktpersonar Katrine Fure Hansen og Laila Øvstebø.

Ring tlf. 55 55 33 33, og be om å legga igjen beskjed ein av dei.

Her kan du lesa meir om denne støtteordninga frå Husbanken

Kommunal bustønad

Kontaktperson er Anita Olsen. For kontakt ring tlf.:  55 55 33 33 og be om å legga igjen beskjed til henne.

Kommunal bustønad er ein stønad ein kan få dersom ein leiger kommunal bustad og har låge inntekter.

Søknadsskjema finn du under Skjema a-å på heimesida, Søknad om kommunal bustønad

Dette kan du skriva ut og senda per post. Skjemaet ligg òg i mottaket vårt. Ein kan også søkja elektronisk på same skjema som sosialhjelp.

Søknaden må dokumenterast med inntektsopplysningar, skattemelding og utleigeavtale.

Økonomisk råd og rettleiing

NAV Kvinnherad tilbyr økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan innebere hjelp med å sette opp budsjett eller bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar. 

Har du opplevd endringer i livssituasjonen? Har du behov for å ta grep om økonomien? Du kan bestille time hjå gjeldsrådgjevar. Dette tilbodet er gratis.
Ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33.

Du kan få råd og rettleiing ved å ringe den landsdekkjande telefonen
800 45 353 for økonomisk rådgjeving, eller du kan chatte med NAV om spørsmål knytt til budsjett, økonomi og gjeldsrådgjeving.

Chat med NAV gjeldsrådgjeving

Om økonomi og gjeldsrådgjeving

 

«Ta vårt enkle nettkurs, få tips som kan betre økonomien din»

Dette er eit kurs for alle – uansett inntekt og forkunnskapar om økonomiske forhold.

På kurset får vi følge Ole som leiger leilegheit og jobbar som butikkmedarbeidar. Han fortel ofte at han ikkje har pengar igjen når månaden er slutt. Han slit med å få endane til å møtast.

Korleis går det med Ole når han begynner å sjå nærare på sitt eige forbruk?

Kurset tar utgangspunkt i ei praktisk tilnærming til Ole sin økonomi, der råd som blir gitt til Ole kan overførast til eigen økonomi.

Kva grep kan du ta i ditt eige budsjett? Kjem Ole til å få moglegheit til å realisere eigne draumar når det gjeld økonomi? Kva risikoar finst med tanke på lån/kreditt? Og kva må du gjere når du får brev frå namsmannen?

Her er det med andre ord mykje god kunnskap og nyttige tips å få med seg, til glede for din eigen økonomi.

Trykk her om du vil ta kurset og finne ut kva som skjer med økonomien til Ole 

Økonomisk sosialhjelp

Om ein kjem opp i ein situasjon der ein treng økonomisk hjelp, kan det vere at ein har rett på økonomiske ytingar frå det offentlege.

Det kan vere:

  • Økonomisk yting frå kommunen
  • Råd og rettleiing, eller hjelp i form av bustønad til høge buutgifter

Søknaden må dokumenterast. I søknadsskjemaet finn du informasjon om kva dokumentasjon NAV treng for å handsame søknaden din.

No kan du søkje om sosialhjelp digitalt

Du kan no søkje om sosialhjelp digitalt i vår kommune. Den nye løysinga gjer at du kan søkje heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.
For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med Bank-id eller andre sikkerhetsløysingar som Buypass eller Commfides.

Digitalt søknadsskjema om sosialhjelp finn du her

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33  og få rettleiing over telefon. Viss du av ulike årsakar ikkje kan eller ynskjer å nytte deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du fortsatt søkje på papir og sende eller levere i postkasse.

Søknadsskjema økonomisk sosialhjelp

Søknad om økonomisk sosialhjelp sendast/leverast til NAV Kvinnherad. 
Postadresse: NAV Kvinnherad, Postboks 93, 5480 Husnes