Børnes kai

Børnes.png

Børnes kai er plassert i Uskedalen og er mykje nytta som tømmerkai, men kaien vert også nytta til gods og gjestekai for større og mindre fartøy.

Kaien er eigd av Søre Kvinnherad skogeigarlag og Kvinnherad kommune.

Søre Kvinnherad skogeigarlag eig 134/79, den søre delen av kaien.

Total kaifront er ca 75 meter, Kvinnherad kommune disponerer 38 meter av kaifronten.

Skogeigarlaget har størst kaiareal, om lag 2210 m2.

Kvinnherad kommune har eit kaiareal på om lag 117,5 m2.

 

For informasjon om satsar knytt til leige av kaiplass i Kobbebukta sjå gjeldande betalingsregulativ for Kvinnherad kommune.

Snilstveitøy kai

Snilstveitøy.png

Denne kaien ligg på Snilstveitsøyo utanfor Rosendal. Denne kaien er i bruk for rutebåt og vareleveranse. Kaiens lengde er 16 meter.

 

For informasjon om satsar knytt til leige av kaiplass i Kobbebukta sjå gjeldande betalingsregulativ for Kvinnherad kommune.

Vikjo kai

Vikjo.png

Denne kaien er plassert i Dimmelsvik på Vikjo.

Total kaifront er omlag 30 meter lang.

Vikakaien har eit kai areal på om lag 191,5 m2.

 

For informasjon om satsar knytt til leige av kaiplass i Kobbebukta sjå gjeldande betalingsregulativ for Kvinnherad kommune.

Varaldsøy kai

Varaldsøy.png

Denne kaien er plassert v/Varaldsøy ferjekai på Varaldsøy.

Kai vert nytta til tømmerkai og lossing og lasting av gods. Kai lengde 30 meter.

 

For informasjon om satsar knytt til leige av kaiplass i Kobbebukta sjå gjeldande betalingsregulativ for Kvinnherad kommune.

Kobbebukta fiskerihamn

Kobbebukta.png

Denne hamna ligg på Eidsvik på Halsnøy. Dette er ei fiskerihamn med høve for bruk av kai som er 30 meter lang.

Fiskerihamna er forbeholdt fiskefartøy, men andre kan også på førespurnad be om å få leige kaiplass for lengre eller kortare periodar.

For avtale om kai-plass ta kontakt med Tommy Sjo på telefon 416 97 062.

 

For informasjon om satsar knytt til leige av kaiplass i Kobbebukta sjå gjeldande betalingsregulativ for Kvinnherad kommune.

Skorpo kai

Skorpo.png

Dette er ein kommunal kai som er plassert inne i Skorpevågen på Skorpo. Denne kaien er berekna for mindre båtar. Kaien er også i bruk for ambulansebåt og varetransport.
 

 

For informasjon om satsar knytt til leige av kaiplass i Kobbebukta sjå gjeldande betalingsregulativ for Kvinnherad kommune.

Rosendal kai

Rosendal.png

Denne kaien er plassert i Rosendal sentrum. 

Deler av kai er reservert til rutebåt sjå blå markering.

Del av kai er reservert seglskuta Gurine sjå gul markering.

Det er mogleg å nytta området for på og avstiging og bunkring i periodar då desse båtane ikkje nyttar kaien.

Grøn markering  av kai kan nyttast av småbåtar, då det her er det lite djupne.
 

For informasjon om satsar knytt til leige av kaiplass i Kobbebukta sjå gjeldande betalingsregulativ for Kvinnherad kommune.

Gjetingsdalen kai

Gjetingsdalen.png

Denne kaien ligg i Maurangerfjorden og er ein kommunal kai som kan nyttast som gjestekai for båtar/fartøy – gods – Beredskaps kai ved vegstenging og liknande. Det er kommunal veg ned til kai.

For informasjon om satsar knytt til leige av kaiplass i Kobbebukta sjå gjeldande betalingsregulativ for Kvinnherad kommune.

Klostervågen kai

Klostervågen.png

Denne kaien er plassert i Klostervågen på Halsnøy. Denne kaien skal kun nyttast for mindre skyssbåtar og liknande, bare til passasjertransport. Kai er ikkje godkjent for køyretøy.

For informasjon om satsar knytt til leige av kaiplass i Kobbebukta sjå gjeldande betalingsregulativ for Kvinnherad kommune.

Sunde hurtigbåt kai

Sunde.png

Sunde hurtigbåt kai er eigd av Hordaland fylkeskommune men er drifta av Kvinnherad kommune.

Total kaifront er ca. 32 meter,

Sunde hurtigbåt kai er reservert for hurtigbåtanløp.

 

For informasjon om satsar knytt til leige av kaiplass i Kobbebukta sjå gjeldande betalingsregulativ for Kvinnherad kommune.