Det finst 3 ulike fiskefond i kommunen, med forskjellige mål og ulike summar som vert betalt inn kvart år.

Forskrifter for bruk av fiskefonda i Kvinnherad kommune vart vedteke 25.10.2018.

Søknad
Det vert sett to fristar kvart år for å søkje fiskefondet om midlar, 1. mars og 1.oktober. Søknadane skal så handsamast i formannskapet innan to månadar. Midlane skal lysast ut. Søknaden skal vere skrifteleg og må innehalde:

  • Ei utgreiing om tiltaket
  • Kostnadsoverslag
  • Kartfesting
  • Foto
  • Kontaktperson for tiltaket

Midlar som ikkje vert brukt vert lagd til fonda og delt ut seinare.

Søknadar kan sendast på epost til post@kvinnherad.kommune.no 

Fiske