I fylgje forskrift Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Kvinnherad kommune §7 skal fylgjande einingar ha installert vassmålar:

  • Næringseiningar
  • Nye einingar
  • Nye tilknytingar i eksisterande einingar
  • Andre einingar

I fylgje forskrift Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Kvinnherad kommune §5 kan både abonnenten og kommunen krevje at forbruksgebyret vert rekna ut frå målt forbruk. For abonnentar som etter pålegg unnlèt å installera vassmålar, vil kommunen stipulera forbruket.

Dersom det er etablert betaling av forbruksgebyr etter målt forbruk, vil kommunen ikkje godta at abonnenten demonterer vassmålaren for såleis å betala etter stipulert forbruk.

Kommunen fastset type og storleik på målarar, kostar innkjøp av desse, og er eigar av målarane. Abonnenten betaler årleg leige for målaren, som dekker nedskriving og vedlikehald.

Kommunen står for installasjonsarbeidet hos eksisterande abonnentar så lenge dette ikkje fører til ombyggingar, medan utbyggjar står for installasjonsarbeidet ved nye tilknytingar (ved bruk av godkjent røyrleggjar). Abonnenten er ansvarleg for at vassmålaren er/vert montert frostfritt.

Kommunen står for utskifting av målaren. Dersom utskifting skuldast forhold som abonnenten har ansvar for, må abonnenten ta kostanden med utskiftinga.

Årsaka til at det skal installerast vassmålar er at då vert det vassgebyra fakturert etter faktisk forbruk. For abonnentane betyr dette at det er mogleg å fylgja med på eige forbruk, få oversikt over mønster og vanar, samt at det er enklare å identifisera lekkasjar.

Ta kontakt med vatn og avløp for å få installert vassmålar i eksisterande eining.

Avlesing av vassmålaren

Abonnentar som har vassmålar skal lesa av og melda inn målarstand og avlesingsdato 1 gong pr. år. Det vert sendt ut melding på SMS eller målar-avlesingskort i posten i byrjinga av desember. Siste frist for avlesing er oftast 10. januar.

Dersom ein svarar på SMS skal ein bare skriva målarstand, utan komma eller andre teikn / tekst. Avsendar får då ein kvittering på SMS med forbruk sidan førre avlesing. Abonnentar som får avlesingskort i posten, kan enten registrera målarstand og avlesingsdato på www.leseav.no eller senda kortet i retur i posten.

Sjekk alltid at vassmålar nr stemmer med det du har fått på SMS eller målar kort. Det er viktig at ein les av riktig målar. Ein skal ikkje melda inn tal etter komma, og desse er som regel markerte med raud farge.

NB! Ikkje alle vassmålarar har desimalar i teljeverket.

Bilete av vassmålar      Ny type vassmålar

Ekspempel på målar utan desimalar                              Eksempel på målar med desimalar

Kva må du gjera ved eigarskifte av eigedomen?
Når ein eining/eigedom som har vassmålar skiftar eigar, vil den nye eigaren få faktura på forbruket straks eigarskiftet er registrert i matrikkelen. Er eigarskiftet midt i ein termin, må kjøpar/seljar gjera opp seg imellom for vass- og avløpsforbruket. Ved overtakingsdatoen er det likevel nyttig å lesa av standen på vassmålaren og rapportera inn til VA for kontroll. Slik kan me avdekka eventuelle avvik og at justeringar på forbruket vert gjort på riktig eigar.