Vaktordninga er for dei gravide som har problemstillingar som ikkje kan venta til vanleg kontortid. Er du i tvil, kan du ringa og spørja om råd. Ved fødsel vil jordmor gjera ei vurdering og følgja kvinna/paret til sjukehuset. Vi nyttar ofte ambulansebåten.
For problemstillingar som ikkje hastar, kan du på dagtid ringa til helsestasjonen på telefonnummer 53 46 16 20. Her vil du få hjelp til å koma i kontakt med jordmor.
Jordmorvakt
Ved å ringa legevakta på telefonnummer 116 117, får du opplysingar om kven av jordmødrene som er på vakt og kva telefonnummer vedkomande kan treffast på. Vi har ei døgnkontinuerleg vaktordning.