Føremålet med ein planstrategi er å leggje til rette for politisk styrt utvikling. Planstrategien skal sikre ei planlegging som er tilpassa behovet, og vere eit verktøy til å vurdere kommunen sitt plansystem og tilgjengelege/ynskjelege planressursar.

Gjeldande planstrategi for Kvinnherad kommune vart vedteke av kommunestyret 22.10.2020, og planstrategien finn du her.

Plan- og bygningslova pålegg kommunane å utarbeide ein planstrategi seinast eitt år etter konstituering av det nye kommunestyret. Planstrategien skal byggje på kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutviklinga. Behovet for rullering av kommuneplanen skal vurderast spesielt.

Planstrategien er ikkje ein plan og har ingen direkte rettverknad for kommunen sine innbyggjarar. Kommunestyret kan kva tid som helst i valperioden ta planstrategien opp til ny vurdering. Planstrategien erstattar kravet til rullering av kommuneplanen som låg i den tidlegare plan- og bygningslova.

Det skal leggjast til rette for medverknad i prosessen, og forslaget til planstrategi skal gjerast offentleg minst 30 dagar førkommunestyret si godkjenning.  

Meir om kommunal planstrategi kan du lese her.

PLanstrategi_hierarki