KKL vert leia av kommunedirektøren med ordførar som nestleiar. Øvrige medlemer er sektorleiarane, kommunelegen, brannsjefen, lensmannen og ein informasjonsmedarbeidar.

KKL har som oppgåver:

  • Innhente opplysningar om situasjonen 
  • Ta avgjersler om å iverksette tiltak for å hindre/minske skader på personar, materielle verdiar og miljø
  • Prioritere ressursar frå kommunen si side
  • Utarbeide faginformasjon til innbyggjarar og media
  • Avgje situasjonsrapportar til Statsforvaltaren, samt rapportar til kommunestyret

Instruks, ansvar og oppgåver til den kommunale kriseleiinga følgjer ein eigen kriseplan for kommunen. I tillegg vert beredskapslanar for til dømes atomulykker og smittevern lagt til grunn.

KKL deltek i årlege kriseøvingar.