Eig du to eller fleire matrikkeleiningar (eigedomar) i same kommune, kan du krevje å få dei slege saman til ein eigedom med eitt gards- og bruksnrummer. Fester du to festegrunner (med kvart sitt festenummer) på same bruksnummer, kan du krevje å få dei slege saman til eitt festenummer.

Målgruppe
Samanslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel som eigar til vedkommande matrikkeleiningar.
 

Kriterie/vilkår

  • Eigedomane må liggje i same kommune. Til vanleg vil eigedomane grense opp til kvarandre og utgjere eit samanhengande areal, men det er òg mogleg å slå saman to eigedomar som ligg på kvar side av ein veg.
  • Det må føreliggje ein attest frå kommunen. Om ei samanslåing kan føre til tilhøve som er i strid med reguleringsplan, kan kommunen nekte å gje attest.
  • Samanslåing kan ikkje gjennomførast om det fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar.
  • Samanslåing av festegrunn kan berre skje om festekontraktane er likelydande og festetomtene ligg på same grunneigedom.
 
Gebyr
Kommunen kan ikkje krevje gebyr for samanslåing av eigedomar.
 

Lover og forskrifter

Skjema/lenkjer