Følgjande saksområde er mellom dei som ligg til formannskapet:
- Politiske samordningsoppgåver
- Leia og samordna årsbudsjett- og økonomiplanarbeidet i samsvar med kommunelova
- Leggja fram forslag til årsbudsjett og økonomiplan for kommunestyret
- Samordna og fremja handlingsplan for kommunestyret I
- Interkommunalt samarbeid
- Samferdsle og kommunikasjonar
- Gjennomføring av kommunale investeringsoppgåver
- Innstilling til kommunestyret i større tverrsektorielle planar
- Utarbeiding og rullering av kommuneplanar og arealplanar med innstilling til kommunestyret
- Innstilla godkejenning av reguleringsplanar til kommunestyret
- Fastsetja planprogram for reguleringsplanar som ikkje er i samsvar med overordna plan
- Styre for Næringsfondet
- Næringsutvikling, sysselsetjing og arbeidsplassutvikling
- Energispørsmål
- Sals- og skjenkesaker (m.a. gje løyve og inndra løyve)
- Andre lovpålagde oppgåver
- Valstyre (eige utval - 5 medlemmer)
- Ta initiativ og få utgreidd viktige politiske saker.
Utvida mynde i haste-saker
Formannskapet har mynde til å treffa vedtak i saker som skulle vore avgjort av anna organ, når vedtak må gjerast så raskt at det ikkje er tid til å innkalle dette. Melding om slike vedtak skal leggjast fram for vedkomande organ i neste møte.