Førespurnadar og spørsmål

Kontakt Innbyggjarservice​

E-post: innbyggjarservice@kvinnherad.kommune.no

Telefon: 53 48 31 00

Hos innbyggjarservice kan du få informasjon og rettleiing til alle tenestene i kommunen. Vi har publikums-PC tilgjengeleg som du kan bruka til å levere søknadar. Om du lurer på noko, er det berre å spørja. Innbyggjarservice har høg kompetanse på organisasjonen og viser deg til rett instans ved behov.

Send post til Kvinnherad kommune

Send elektronisk post
Epost: post@kvinnherad.kommune.no
(Obs: dersom du ikkje får kvittering på at du har sendt e-post, ta kontakt på 53 48 31 00)

eDialog (sikker e-post) til: Kvinnherad kommune 

eDialog (sikker e-post) til: PPT

eDialog (sikker e-post) til: Barnevernet

Les meir om eDialog her.

Send papirpost til
Kvinnherad kommune
Rosendalsvegen 10 
5470 Rosendal

Post over disk
Om du ønskjer å levera post over disk, er raskaste veg til sakshandsamar å levera posten på rådhuset. Her er det kort veg til kommunen sitt arkiv.

Tenk på følgjande før du sender post til oss

NB! Ikkje send zip-filer som vedlegg til epost. Desse blir stoppa i viruskontroll og kjem ikkje fram til oss.

All post til og frå kommunen er offentleg, om den ikkje går under teieplikt. All post som er offentleg kjem på postlista. Det betyr at du kan finna brevet ditt omtala, sitert eller gjengjeven i sin heilskap i avisa eller i nyhende. Ikkje send sensitive opplysningar via e-post, då dette ikkje er ei trygg forsending. Den kan verta henta av andre før den kjem fram til mottakar, hamne på feil adresse og liknande. Bruk sikker innlevering av post med eDialog.

Fakturadresse

Elektronisk fakturaadresse
964967636

Informasjon om faktura til Kvinnherad kommune

Post til deg

Kvinnherad kommune sender posten elektronisk. Posten går til den postkassa innbyggjaren har valt om det er Altinn, digipost eller eBoks. Verksemder og organisasjonar får all elektronisk post i Altinn.

Innbyggjar
Som innbyggjar anbefaler vi deg å opprette digipost eller eBoks, slik at du mottar posten i di eiga digitale postkasse. Dei fleste offentlege verksemder sender meir og meir post til digipost eller eBoks, slik at du vil ha god nytte i tida som kjem av å ordne dette. Her kan du opprette digital postkasse.

Om du veljer å få posten i Altinn, vil den bli sendt til deg på papir om du ikkje hentar den digitalt innan to dagar. Å få posten på papir vil ta noko lengre tid enn om du mottar den elektronisk.

Ønskjer du ikkje å vera digital kan du reservera deg i kontakt- og reservasjonsregisteret ved å logga på www.norge.no eller ringa 800 30 300.

Verksemder
Verksemder og organisasjonar mottek all elektronisk post i Altinn og kan heller ikkje reservera seg. Det er dagleg leiar eller styreleiar som er tildelt roller i Altinn, men ved å delegera roller kan ein styra kven som kan henta post i Altinn på vegner av verksemda/organisasjonen.