Vass- og avløpsdrifta er finansiert med gebyr. Satsane vert fastsett av kommunestyret. Gebyrsatsane for drikkevatn og avløp finn du på sida Regelverk og gebyr.
Dersom du vil knyta deg til offentleg vassforsyning eller avløpsinnsamling må du engasjera ein godkjent røyrleggjar som sender oss ein søknad om dette. Etter tilknytinga er gjennomført skal røyrleggjaren senda inn "Ferdigmelding". Dersom tilknytinga inneber avvik frå kommunen si VA-norm skal dette søkjast om på skjemaet "Søknad om dispensasjon frå VA-norma".
For å kunna søkja om tilknyting, må firmaet væra registrert hos oss. Registrering av firma kan ein gjera ved å "trykka her"
Trykk her for å sjå video korleis du kan registrera firma etc.
Er firmaet ditt allereie brukar av Gemini Entreprenørportal i anna kommune, må du inn og legga til Kvinnherad kommune under administrasjons "knappen". Treng du søkja opp firmaet ditt og finna lenka til Gemini Entreprenørportal kan du "trykka her"