Investeringsutvalet er oppretta i medhald av §10 i Kommunelova. Utvalet har 5 medlemmar i tillegg til varamedlemmar, valde for 4 år av kommunestyret.

Under føresetnad av at mynde ikkje er delegert til kommunedirektøren, skal utvalet handsama, vedta eller gje innstilling til kommunestyret i saker som gjeld:

  • Forvaltning av Kvinnherad kommune sitt kraftfond, jf.Reglement for Finansforvaltning
  • Sal av Kvinnherad kommune si konsesjonskraft, jf. Formannskapet sitt vedtak og Reglement for Finansforvaltning

 

Her finn du møteoversyn og medlemmar

Meir om Kraftfondet finn du her