Tinging av tomt
Ta kontakt med kommunen for å sjekke kva tomter som er for sal, størrelse på tomt og tomtepris. Når kjøpar har bestemt seg for ei tomt, skal tinging av tomt vere skriftleg. Kommunen søkjer frådeling og kartforretning. Kjøpar får melding når kartforretninga er ferdig. Alle kostnader med frådeling og kartforretning av tomt skal betalast av kjøpar.

Tomtekostnader
I tillegg til tomtepris så skal kjøpar betale omkostningar; dokumentavgift (2,5% av tomtepris) og tinglysingsgebyr for skøyte. Oppgjer av tomtepris og omkostningar samla, skjer kontant mot tinglyst skøyte. Overføring av oppgjer skjer til Kvinnherad kommune sin konto. Tinglysing av skøyte vil først finne stad når kjøpar har innbetalt fullt oppgjer for tomta. Til grunnlag for overdraginga gjeld rettar og plikter for kommunale tomter. Kjøpar plikter å tinglyse rettar og plikter med skøytet. Tomteprisen er inkludert veg, vatn og avløp fram til tomta. Tilknytingsgebyr; vatn og avløp kjem i tillegg til tomteprisen.

Rettar og plikter for tomtar i kommunale byggjefelt

  • Eigedommen plikter å knyta seg til felles vegar, vass- og utsleppsleidningar som vert anlagt i byggefeltet til slik bruk. Kvinnherad kommune har rett til vederlagsfritt å strekkja lågspentlinjer og eventuelt leggja leidningar for elektrisk straum over eigedommen. Kvinnherad kommune har likeeins rett til å leggja leidningar for telekommunikasjonssystem, vatn, kloakk og drenasje over tomta. Denne retten gjeld også plassering av master, hydrantar, koplingsboksar, slukar m.m. Etter at leidningar og kummar m.m. er lagde, kan eigar av tomta ikkje utan samtykke frå Kvinnherad kommune gjera endringar i terrenget på tomta slik at dei nemde innretningane vert liggjande urimeleg djupt eller får mangelfull dekning. Kummar og slukar skal ikkje overfyllast. Dersom tomteeigaren føretek terrengendringar som fører til heving eller senking av innretningane, lyt han sjølv kosta dei.
  • Eigedommen plikter for eigen kostnad å leggja leidningar for elektrisk kraft og eventuelle telekommunikasjonssystem i jordkablar frå stolpar eller fordelingsboksar og inn i hus som vert bygd på tomta.
  • Gjerdehald: Dersom tomteeigaren ynskjer å setje opp gjerde, planta hekk eller setja opp støttemur mot offentleg veg må det sendast søknad til Kvinnherad kommune. Gjerde/hekk i delelinje mellom tomtene kan setjast opp utan særskilt løyve. Kostnaden med oppsetjing og vedlikehald skal delast likt mellom parselleigarane. Eventuell kantstein, gjerdefot, grøfter eller andre tiltak for å hindre vass-sig frå offentlig eller privat veg og areal må kostast av tomteeigaren dersom ikkje anna er bestemt.
  • Eigedomen får rett til tilkomst over det felles vegsystemet som er bygd for det regulerte området.
  • Planter må ikkje plasserast slik at det oppstår trafikkfare. Kommunen kan pålegga tomteeigaren å beskjera, flytte eller fjerne planter som måtte vere til sjenanse for trafikken. Kommunen er utan ansvar for skader som måtte oppstå innanfor denne stripa ved snøbrøyting, vedlikehald av leidningar o.l.
  • Kvinnherad kommune har i den grad det er nødvendig, rett til å føreta vedlikehald av dei leidningar og innretningane m.m. som er lagde over eigedommen. Dersom ikkje tomteeigaren sjølv er skuld i dei skader som eventuelt er oppstått, plikter Kvinnherad kommune å setja terrenget i tilsvarande stand som det var før graving tok til.
  • Den som til ein kvar tid er eigar av eigedommen, er pliktig til å bli/vere medlem av velforening eller tilsvarande organisasjon som måtte bli oppretta for byggefeltet, og som har til føremål å ivareta saker av sams interesse for eigedommane til dømes opparbeiding, stell og vedlikehald av fellesareal som måtte bli stilte til disposisjon av Kvinnherad kommune