Klimaet er i endring og det er viktig for landbruket i Noreg å sjå framover og vere førebudd på det klimaet som kjem. Det er venta vesentleg auke i episodar med kraftig nedbør, både i intensistet og førekomst. Meir regn vil føre til meir overvatn, og det er venta fleire og større regnflaumar. Årsmiddeltemperaturen for Hordaland er rekna å auke med 4,0 °C. Vekstsesongen er venta å auke med 2-3 månader i store delar av fylket (Klimaprofil Hordaland).
Kjelde: Klimaprofil Hordaland
Det er venta at folkesetnaden i verda vil nå kring 9 milliardar innan 2050, som igjen vil gje auka forbruk og auka press på areal, natur og ressursar . For å unngå alvorlege konsekvensar for samfunnet og landbruket, er det viktig at klimaendringane blir avgrensa og at landbruket bidreg (FN sitt Klimapanelet).
Mesteparten av klimagassutsleppa i jordbruket kjem frå naturen sjølv. Likevel er det viktig at landbruket skal bidra i ei retning som gjer klimasmart matproduksjon. Det fins ikkje ei klimaløysing for landbruket, men i staden mange både store og små løysingar og tiltak i mange ledd.
Prosjektet "Klimasmart Landbruk" har som føremål å redusere klimaavtrykket til norsk landbruk ved å trygge betre informasjon og gode verkty for klimasmart drift på norske gardsbruk. Prosjektet blir eigd av Landbrukets Klimaselskap SA. Gjennom prosjektet Klimasmart Landbruk vil ei samla næring leggje til rette for meir klimaeffektiv norsk matproduksjon. Hovudsakleg vil dette skje gjennom utvikling av betre system for dokumentasjon og utrekning av potensialet for redusert klimaavtrykk på kvar gard, samt leggje til rette for deling av kunnskap i næringa.
Her kan de finne meir informasjon om Klimasmart landbruk:
Har du spørsmål kring klimasmart landbruk, er det berre å ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen.