Vedtak frå kommunestyret

I medhald av eigedomsskattelova (esktl.) §§ 2 blir det i 2024 vidareført utskriving av eigedomsskatt. Eigedomsskatteområdet for utskrivinga er etter esktl. § 3c). Utskrivingsalternativet omfattar også flytande oppdrettsanlegg i sjø, jf. esktl. § 4 tredje ledd.

Den alminnelege eigedomsskattesatsen for skatteåret 2024 vert sett til 7 promille med heimel i esktl. §§ 10 og 11 første ledd.

Ved utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen siste vedtekne eigedomsskattevedtekter. Siste vedtekne takstar frå allmenn eigedomsskattetaksering i 2010 med tilhøyrande kontorjustering frå tidlegare år vert nytta, med ei kontorjustering for 2024 på 1% jf. esktl. §§ 8 A-3(2) og 8 A-4.

Jf. ekstl. § 25 vert eigedomsskatten innkravt i 4 terminar og vert fakturert saman med andre kommunale avgifter.

 

Skatteliste til offentleg ettersyn 2024