Elektronisk fakturaadresse er organisasjonsnummeret. 
Organisasjonsnummeret til Kvinnherad kommune er: 964967636

Betalingsvilkåra ved EHF-faktura er 20 dagar etter mottak av korrekt faktura, om ikkje anna er bestemt i avtale.

Kvinnherad kommune oppmodar om at du som leverandør tek kontakt med oss ved første sending av EHF-faktura, slik at vi får sjekka at fakturaen kjem fram.

For faktura, bruk denne sjekklista:

  1. Opplysingar som må vera påført faktura:
    1. Vår fakturaadresse
    2. Ditt organisasjonsnummer
    3. Ditt bankkontonummer
    4. Fakturanummer og eventuelt KID
    5. Fakturadato
    6. Forfallsdato
  2. Faktura bør merkast med adressa der varene er levert
  3. Faktura må merkast i felt «Deres ref.» med oppgitt Ressursnummer
    Ressursnr. må skrivast nøyaktig som oppgitt av bestillar – utan andre teikn, bokstavar eller mellomrom.
    Dette skal inn i feltet <cbc:BuyerReference>xxxxxx<xxxxxx<. 
    Ressursnummet vårt består av ein kombinasjon av bokstavar og tal.


Fakturaadressa til kommunen er: 
Organisasjonsnummer: 964967636 
fakturamottak@kvinnherad.kommune.no

Kvinnherad kommune ber også om at purringar blir sendt på EHF.

 

Faktura til Kvinnherad kommune