I utgongspunktet skal alle innkjøp til kommunen vera basert på konkurranse. Dersom det ikkje fins rammeavtale som gjeld den vara/tenesta du skal kjøpa, må ein vurdera følgjande:
- Kjøp/kontrakt med verdi lågare enn kr. 100 000,- er unnateke regelverket om offentlege anskaffingar.
- Har kjøpet/kontrakten verdi mellom kr. 100 000,- og kr. 1 100 000,-, må det i tillegg til prishenting hos minst tre leverandørar, førast protokoll etter reglar for offentlege innkjøp.
- Er kjøpet av ein kategori som kommunen ventar å kjøpe for over kr. 1 100 000,- over ein periode på 4 år, må kjøpet/kontrakten lysast ut nasjonalt i Doffinbasen.
- Er kjøpet av ein kategori som kommunen ventar å kjøpe for over kr. 1 750 000,- (vare- og tenestekjøp) / kr. 44 000 000,- (bygg og anlegg) over ein periode på 4 år, må kjøpet/kontrakten lysast ut nasjonalt og internasjonalt i Doffin og Tedbasen.
Les heile innkjøpsrettleiaren her.