Varsling av smitte

Ved utbrot av smittsame sjukdomar i barnehagar og institusjonar skal den tilsette som oppdagar smitteutbrotet snarast mogleg kontakta kommuneoverlegen, ev. hygienesjukepleiar. Kommuneoverlegen varslar vidare til aktuelle instansar som legevakt, fastlegar, mattilsynet, fylkeslegen, folkehelseinstituttet. 

Eigenerklæringsskjema for smittevern

Dette skjemaet gjeld for alle tilsette som skal arbeida i helse- og omsorgstenesta, skule/barnehage, miljøarbeidarteneste eller med reinhald. Studentar, elevar og hospitantar skal også bruka dette skjemaet. 

Når bør barn vera heime frå barnehage og skule?

Barn som går i barnehage er meir utsett for infeksjonar enn andre barn. Vanlegvis avgjer allmenntilstanden til barnet om det bør vera heime frå barnehagen i ein periode, men for nokre sjukdomar kan det vera nødvendig å bli heime utover dette for å hindra spreiing av smitte til andre.