Skal du dela ein landbrukseigedom, er dette omfatta av jordlova sine delingsføresegner. Dersom eigaren av ein landbrukseigedom ønskjer å overdra delar av eigedomen til nokon andre, til dømes ei tomt, er det naudsynt med samtykke frå landbruksstyresmaktene.

Korleis søkje? Meir informasjon om deling av landbrukseigedom og regelverk finst på landbruksdirektoratet.no.

Søknad om løyve til deling av landbrukseigedomar skal sendast til kommunen. Kommunen avgjer søknaden. Vedtaket kan klagast til Fylkesmannen.

Dersom føremålet med delinga gjer det naudsynt med samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, kan delingssamtykke ikkje gjevast utan at det er gjeve samtykke til omdisponering.

Etter jordlova § 12 sjette ledd er ein eigedom som består av fleire matrikkelnummer, og også eventuelle sameigeandelar, i utgangspunktet å rekne som ein eigedom, slik at det må søkjast delingssamtykke for å kunne selje unna enkelte matrikkelnummer i driftseininga.