Oppgåver

Ved dei kommunale sjukeheimane er det tilsett faste sjukeheimslegar i forskjellige stillingsstorleikar. Legen si oppgåve er å følgja systematisk opp medisinsk behandling og ta avgjerd om utredning og behandling av bebuarane på sjukeheimen. Legen skal også vurdera pasienten sin samtykkekompetanse, evne til å disponera eigne pengar og eventuelt behov for verje.

Legedekninga ved sjukeheimane er differensiert etter forventa forskjellar i behovet for pasientar på korttidsavdelingar, langtidsavdelingar, rehabiliteringsavdelingar og palliative avdelingar.