I utgangspunktet er all oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging eller plassering av bygning, konstruksjon og anlegg søknadspliktig.

Søknadsplikt gjer det mogleg for kommunen å vurdere om tiltaket kan gjennomførast i samsvar med vedtak gitt eller i medhald av plan- og bygningslova (pbl.). Plan- og byningslova § 20-2 regulerar kva slags tiltak som er søknadspliktige, og kvar det er naudsynt med ansvarlege føretak (pbl. kap. 20).

Byggjesøknadar sendast via Direktoratet For Byggkvalitet (dibk)https://dibk.no/tjenestene

Privatpersonar kan senda digitalt nabovarsel. Ein kan likevel senda enkle skjema om ein skal nabovarsla og byggja ein frittliggjande bygning mindre enn 70 m2 eller eit tilbygg mindre enn 50 m2. Ein kan òg bruka eit enklare skjema om ein vil søkja om bruksendring.