Korttidslån frå kommunen
Ved akutt eller midlertidig behov for tekniske hjelpemiddel, kan ein få låne dette av kommunen. Kommunalt hjelpemiddellager har vanlege hjelpemidla til forflytting og primære behov. Eksempel er rullator, toalettforhøgar, dusj- og toalettstol, manuelle rullestolar o.l. Ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta kan formidle behov til lokalt hjelpemiddellager. Krykker er ikkje tilgjengeleg på lageret, dette kan ein skaffe seg sjølv gjennom sitt lokale apotek.
Varig lån frå NAV Hjelpemiddelsentral
Er behovet for hjelpemiddel varig må du søkje til NAV og få hjelpemiddel via Hjelpemiddelsentralen. Ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta kan gje deg bistand til å vurdere hjelpemiddelbehovet og skrive ein søknad til Hjelpemiddelsentralen.
Pris for tenesta
Lån av tekniske hjelpemiddel frå kommunen sitt korttidslager er gratis. Lån frå NAV Hjelpemiddelsentral er i hovudsak gratis. Nokre hjelpemiddel for trening og aktivitet har ein eigendel, men dette vert opplyst når det er aktuelt.
Utlevering og innlevering
Serviceteknikar i kommunen har ansvar for utlevering, montering, enkle tilpassingar og reparasjonar av tekniske hjelpemiddel. Når hjelpemiddelet er tilgjengeleg for utlevering vert du kontakta for nærare avtale. Har du hjelpemiddel ståande som du ikkje treng lenger, kan du melda frå til ergo- og fysioterapitenesta eller pleie- og omsorgstenesta. Vi vil sørge for at hjelpemiddelet vert henta.
Reparasjon
Viss det oppstår behov for akutt reparasjon av hjelpemiddel, kan du fyrst ta kontakt med kommunen i vår opningstid kl. 0800-1530.
Viss problemet oppstår utanom opningstid kan du ringe NAV Hjelpemiddelsentral sin servicetelefon for reparasjon av hjelpemiddel ved akutte behov. Servicetelefonen har telefonnummer 91 78 11 22 og har ope kl. 15:30–24:00 på kvardagar og kl. 08:00–24:00 i helger og heilagdagar.
Hjelpemiddelsentralen vil vurdere situasjonen og avtale med deg kva som vert gjort vidare. Dersom problemet ikkje kan løysast over telefon og det vert vurdert som akutt, vil du få hjelp innan 24 timar.
Du finn elles mykje god informasjon om hjelpemiddel på NAV sine nettsider
Tryggingsalarm
Bur du heime og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggingsalarm. Alarmen ber du på deg heile døgnet.
Målgruppe
- Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu åleine
- Heimebuande som har behov for bistand/tryggleik pga. fysisk, psykisk eller sosial funksjonssvikt
- Om du treng bistand til utfylling av skjema kan du få hjelp av pleie- og omsorgstenesta der du bur
Hjelpemiddel for røyrsle
Dette er hjelpemiddel til personar med nedsett funksjonsevne som gjev vanskar med å klare daglege aktivitetar som forflytting, personleg stell, matlaging, ete og drikke, husarbeid m.m. Til dette kan du få hjelp frå t.d. ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar eller fastlege.
Kognitive hjelpemiddel
Dette er hjelpemiddel til personar som har vanskar med å hugse, planlegge og organisere eigen kvardag som følgje av demens, hjerneslag, medfødde kognitive vanskar m.m. Ergoterapeut kan hjelpe deg å søkje om slike hjelpemiddel.
Kommunikasjonshjelpemiddel
Desse hjelpemidla omfattar t.d. utstyr brukt til å sjå, høyre, lese, skrive, telefonere, alarmere og utstyr til informasjonsteknologi. Tilsette ved PPT eller ergoterapeut kan hjelpa deg med dette.
Høyrselshjelpemiddel
Du treng utgreiing hos spesialist for å få høyrslehjelpemiddel. Fastlegen din kan tilvise deg til spesialist. Du kan også kontakte høyrslekontakt i kommunen for råd og praktisk hjelp.
Høyrslekontaktane i kommunen kan hjelpa med
- Kartlegging og formidling av høyrseltekniske hjelpemiddel
- Tilpasning og opplæring i bruk av høyrseltekniske hjelpemiddel
Høyrselkontaktar i kommunen har vi i:
- Rosendal - Annbjørg Enæs tlf. 91 66 70 75
- Husnes - Elsa Helland tlf. 97 58 48 17
Synshjelpemiddel
Du treng utgreiing frå augelege for å få synstekniske hjelpemiddel. Fastlegen din kan tilvise deg til spesialist.
Regional syns- og audiopedagogisk teneste i Hordaland (SAPT) kan kontaktast for utprøving og enkel opplæring i bruk av synshjelpemiddel.
Ergoterapeut i kommunen kan gje bistand i å søkje utprøving frå Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT).