Rådet har 5 medlemmar med numeriske varamedlemmar; - 4 av medlemmane er valde blant menneske mednedsett funksjonsevne, og 1 medlem frå politikarar. Rådet skal arbeida for at menneske med nedsett funksjonsevne vert sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne.
Rådet skal ha hovudfokus på overordna saker, og skal ha til uttale følgjande saker:
- årsbudsjett, økonomiplan og handlingsplan
- kommuneplanar
- bustadprogram
- reguleringssaker
Rådet kan på eige initiativ ta opp saker som vedkjem menneske med funksjonshemming, men skal ikkje handsame saker som gjeld enkeltpersonar. Rådet skal kvart år leggja fram melding til kommunestyret om verksemda si.
Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) har kome med ei nyttig rettleiing til bruk for medlemmer av rådet. Den kan du lesa meir om her.
Her finn du møteoversyn og medlemmar.