Kokevarsel
Har du motteke kokevarsel?
Kvinnherad kommune fylgjer råd frå Folkehelseinstituttet om å anbefala koking ved mistanke om at drikkevatnet kan væra foureina. Terskelen for å anbefala koking av drikkevatnet er svært låg med bakgrunn i "føre var" prinsippet. Koking drep mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar. Vatnet bør fosskoka i eit munitt.
Folkehelseinstituttet sine råd til privathushaldningar
I tillegg til drikke, bør du koka vatn som skal nyttast til:
- All mat som ikkje skal kokast eller varmehandsamast over 100 grader.
- Utblanding av saft, og andre produkt som vert drukke eller ete.
- Isbitar.
- Kaffi. (Kaffitraktar kokar ikkje vatnet)
- Skylling av frukt, salat og grønnsaker som ikkje skal kokast.
- Tannpuss.
- Barn bør ikkje leika med vatnet i hagevatnar, eller bada i barnebasseng i periodar med kokevarsel.
Ukokt vatn kan nyttast til:
- Koking av mat.
- Håndvask.
- Dusjing og karbad. Pass på å ikkje svelgja vatn. Ha særleg kontroll på små barn.
- Mauell oppvask og oppvaskemaskin. Ved oppvask for hand må oppvasken skyljast med kokt, varmt vatn eller tørkast godt.
- Klesvask.
- Reinhald i huset.
- Anna bruk heima.