LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ynskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. LivOGLyst er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar. Programmet vil stimulere lokal utviklings- og attraksjonskraft i bygder og lokalsamfunn på sin systematisk og vedvarande måte.
Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge Hordaland og Statsforvaltaren i Vestland står bak programmet som starta opp i 2008.
Måla er:
- Auke trivsel, bulyst, sosial integrasjon, identitetsskaping og lokalt forankra mobiliseringsprosessar i Hordaland
- Styrka lokalt entreprenørskap og lokalt næringsliv
- Styrka lokal kompetanse innan prosjektutvikling
I Kvinnherad kommune har Åkra, Fjelberg og Sunde vore med på LivOGLyst-programmet. Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy er siste bygdene som er med i programmet.
Du kan lese meir om LivOGLyst på Vestland fylkeskommune si heimeside.
Om de lurer på korleis ein kjem i gang med gode prosessar i lokalsamfunnet kan OPPSKRIFTSHEFTE FOR EIT STADIG BETRE LOKALSAMFUNN vera ein god stad å starta.