Søknadsfristar:
Frå og med søknadsåret 2022 er det lagt inn vilkår om behovsvurdering. Søkjar må leggje inn dette som eige dokument. Mal for behovsvurderinga ligg sist i føresegnene.

Legge inn søknad, eller fornya og gjentatt søknad: 15.10.2022 - www.anleggsregisteret.no

Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2022

Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune
Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar) skal rettast til Kvinnherad kommune. Vestland fylkeskommune står for endeleg tildeling av midlane. Anlegget ein søkjer midlar til må vere ein del av vedteken kommunal plan som omfattar idrett og fysisk aktivitet. Handlingsprogrammet rullerer kvart år. 

Ein kan søkje om spelemidlar til:

Nærmiljøanlegg:

  • Anlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet, hovudsakleg i tilknyting til bu- og/eller opphaldsområde. Med nærmiljøanlegg er meint bare utandørsanlegg
  • Grunnlag for tilskot er avgrensa oppover til kr. 600 000,-. Nedre godkjende kostnadsramme er kr 50 000,-
  • Ein kan søkje om tilskot på inntil 50% av godkjend kostnad. Maksimalt tilskot per anleggseining er kr 300 000,-. Nedre beløpsgrense for godkjend kostnad er kr 50 000,- (tilskot kr 25 000,-).
  • Det kan søkjast om tilskot til fleire anleggseiningar innanfor same anleggstad.

Ordinære anlegg:

  • Anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet. Det vert ikkje ytt tilskot av spelemidlane til drift, leige, kjøp av grunn eller dekning av gjeld. Det kan søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd (idrett og fysisk aktivitet for alle), og som ikkje er underlagt fortenestebaserte eigarformer og/eller driftsformer.
  • Der anna ikkje er fastsett, kan det ytast tilskot til ordinære anlegg medrekna rehabilitering på inntil 1/3 av godkjend kostnad. Høgaste tilskotsum er kr 1 000 000,

Utfyllande informasjon om bestemmingar knytt til søknad om spelemidlar finn du på www.anleggsregisteret.n